Om NVI-rapporteringa av vitskaplege publikasjonar

For nokre institusjonar er deler av finansieringa basert på deira resultat innan utdanning og forsking. Forskingsinsentiva inneheld indikatorar på antall doktorgradsstudentar, ekstern finansiering og vitskapleg publisering («tellekantordninga»). Resultata vert rapportert til Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet kvart år.

Finansieringsordninga er basert på ei resultatbasert omfordeling (RBO) av ein fastsett pott. Hensikta med NVI-rapporteringa av vitskaplege publikasjonar er å stimulere til auka publisering og kvalitet på forskinga, i tillegg til nasjonalt og internasjonalt samarbeid. 

Intensiva er baka inn i ein algoritme som reknar ut poengsummen for publikasjonane. Tildelinga til kvar enkelt institusjon kjem an på deira del av totalsummen av publikasjonspoeng. Publikasjonspoeng er eit mål på kor mykje utteljing ein bestemd publikasjon får.

"Vitskapleg publikasjon"

Rapporteringsinstruksen inneheld dei reglar og retningsliner som styrer NVI-rapporteringa. Den skildrar fire krav til ein vitskapleg publikasjon. Samtlege krav må vere oppfylt for at ein publikasjon kan verte rapportert inn. Publikasjonen må:

  • Presentere ny innsikt
  • Vere i ei form som gjer at resultata kan etterprøvast eller er anvendelege i ny forsking
  • Vere i eit språk og ha ein distribusjon som gjer den tilgjengeleg for dei fleste forskarar som kan ha interesse av den
  • Vere i ein publiseringskanal (tidsskrift, serie, bokutgiver, nettstad) med rutiner for "fagfellevurdering"

Sjå §1 i Rapporteringsinstruksen for meir informasjon.

Merk: At ein publikasjon ikkje fyller krava for å verte rekna som vitskapleg i NVI-rapporteringa, inneber ikkje at publikasjonen er uvitskapleg. "Vitskapleg publikasjon" er berre ei nemning for det utvalet av publikasjonar som kan verte rapportert inn.

Rapporteringsinstruksen

Regelverket og prosessane som styrer rapporteringa er nærare forklart i Rapporteringsinstruksen og på nettsidene for den norske publiseringsindikatoren (NPI).

Universitets- og høgskulelova

NVI-rapporteringa er lovfesta i Lov om universitet og høyskoler (universitets- og høyskolelova) § 7-7.Rapportering til database for vitenskapelig publisering. Rapporteringa gjeld også for sjukehus og forskingsinstitutt.

Norsk vitenskapsindeks (NVI)

Alle publikasjonar som vert rapportert til departementa er del av det som vert kalla Norsk vitenskapsindeks (NVI). Samlinga er ein del av databasen til Cristin og er felles for alle medlemsinstitusjonar. Cristin mottek rapporteringsfilene frå alle institusjonar, tilarbeider data og leverer vidare til NSD - Norsk senter for forskingsdata (Universtitet og høgskular), Forskingsrådet (forskingsinstitutt) og NIFU (sjukehusa).

Informasjonssider for NVI-rapporteringa

Publisert 30. aug. 2017 13:36 - Sist endret 25. jan. 2018 14:30