Personprofil

Tilsette ved medlemsinstitusjonane får ein profil når dei vert registrert i Cristin. Profilen er synleg i systemet så lenge dei er tilsett.

» Søk etter personar i Cristin-systemet

Kvifor ha ein personprofil?

På din profil får du eit oversyn over det som er registrert om deg i Cristin: dine tilsettingar, resultat, prisar, forskingsgrupper og prosjekt. Noko av informasjonen må du sjølv registrere for at den skal verte synleg.

Kopling til anna informasjon i Cristin

Prosjekt, forskingsgrupper og resultat vert automatisk kopla til din profil når du vert registrert som forfattar eller deltakar. Du finn også lenkje til eit oversyn over dine registrerte publikasjonar som er kandidatar til NVI-rapporteringa av vitskaplege publikasjonar. Dette gjer det enklare å sjekke om alle dine rapporterbare publikasjonar er registrert.

Forskarkatalogen

Profilen din er ein del av forskarkatalogen til Cristin. Denne er eit nyttig verktøy for å finne forskarar som er tilsette ved våre medlemsinstitusjonar og arbeidet deira.

Wikipedia sine forskarbiografiar lenkjer til profilsider i Cristin.

Utfyllande informasjon

Legg du til kontaktinformasjon og stikkord om kva du jobbar med, vert det enklare for andre å oppdage forskninga di og ta kontakt med deg. Du kan også registrere utdanning, tidligare tilsettingar og verv.

Korleis får eg ein profil?

For å få ein personprofil må du ha ei aktiv tilknyting til ein av våre medlemsinstitusjonar i systemet. Superbrukar ved din institusjon kan hjelpe deg med dette.

Nokre av medlemsinstitusjonane sender automatisk informasjon om sine tilsette frå personalsystema. Denne informasjonen er markert med * (asterisk) i lista over innhold i personprofilen.

Reservasjon

Du kan velje å reservere din profil frå vising i Cristin. Din lokale superbrukar kan hjelpe deg med dette.

Bruk av fødselsnummer i Cristin

Når du vert oppretta som brukar i Cristin, vert fødselsnummeret ditt (fødselsdato + personnummer) eller D-nummeret (mellombels fødselsnummer) registrert i databasen. Denne informasjonen er ikkje tilgjengeleg i personprofilen eller i API-tenestene. Dei brukar Cristin person-ID, som er ein unik ikkje-sensitiv identifikator.

Unik identifisering i NVI-rapporteringa

Fødselsnummer vert registrert fordi myndigheitene krev at forfattarar av publikasjonar som skal gje utteljing i rapporteringa til departementa, skal vere unikt identifisert. Dette vart satt i kraft i ei endring i universitets- og høgskulelova i 2005 (populært kalla NVI-lova).

Ekstern lenke Lov om endring i universitets- og høyskoleloven (rapportering til database for vitenskapelig publisering) 

Bruk av fødselsdato

Vi brukar fødselsdato for å rekne ut alder på forfattarar. Dette vert brukt i statistikkar og analyser, men ikkje på personnivå.

Alternativ ID

For utanlandske forskarar som ikkje skal ha norsk fødselsnummer eller D-nummer, men som har kreditert institusjonen på rappoterbare publikasjonar, godtek vi følgjande alternative IDar:

  • Passnummer
  • Social security number
  • Tax number
  • Value added tax number

Gjenbruk av informasjon

API – teneste for automatisert gjenbruk av informasjon

Informasjon som vert lagra i personprofilen er tilgjengeleg for gjenbruk via Cristins person-API-teneste.

Nettsider

Institusjonane kan bruke person-APIet for å oppdatere profilsidene til dei tilsette på eigne nettsider. Så lenge profilen i Cristin er oppdatert, vil profilsida verte oppdatert. 

Kopling til søknadsportalen til REK

Søknadsportalen til Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK) brukar Cristins person-API for å hente navn og Cristin person-ID på prosjekdeltakarar. Viss personen som vert registrert i søknaden er registrert i Cristin, vert deira person-ID lagra i søknaden. Dette gjer at Cristin kan kople prosjektet til deira personprofil når prosjektet vert overført frå REK.

MERK: prosjekleiarar må registrere sin Cristin person-ID på personkortet i REK-systemet for at prosjektet skal verte kopla til deira Cristin-profil.

Veiledning for å registrere Cristin person-ID på personkortet i REK (pdf)

Meir informasjon om koplinga til REK