Tidsskriftet har nivå hos NSD, men ikkje i Cristin

Årsaka til at eit tidsskrift har nivå hos NSD, men ikkje i Cristin kan ha fleire årsaker.

  1. Tidsskriftet er nytt og ikkje behandla. NSD set eit tidsskrift på nivå 1 som "default", men dette betyr ikkje at det dermed er godkjent på nivå 1. Viss tidsskriftet står med administrativ kode Ny(/behandla), betyr det at tidsskriftet ikkje er blitt vurdert, eller er under behandling, av publiseringsutvalet til Universitets- og høgskolerådet (UHR).
  2. Tidsskriftet er akkurat blitt behandla av publiseringsutvalet, men enno ikkje overført til Cristin. Det kan ofte ta ei stund før ein kanal godkjennast av NSD til det blir overført til CRIStin. Når status på tidsskriftet oppdaterast i Cristin, vil alle vitskaplege publikasjonar knytt til dette tidsskriftet oppdaterast automatisk. Dei vil då kome opp i grensesnittet for kontroll og godkjenning av vitskapleg publisering til NVI-rapportering.
Publisert 29. sep. 2017 09:17