Eg får ikkje logga meg på den nye prosjektkatalogen

Viss du får logga deg på det gamle systemet, men ikkje i den nye prosjektkatalogen, kan du prøve å setje eit nytt passord ved å klikke på "Endre passord"-lenkja som du får øvst til høgre i "Min forskerprofil" i det gamle systemet under menypunktet "Forskere". Passordet må ha minst seks teikn.

Viss du framleis ikkje kjem inn, ta kontakt med den lokale superbrukaren frå institusjonen din. Hugs å sende med feilmeldinga du får frå påloggingssida.

For problem med Feide-pålogging i prosjektkatalogen: Viss du har Feide-pålogging, og får logga deg på 'gamle' Cristin (forskingsresultat m.m.), men ikkje prosjektkatalogen, kan problemet vere at du er registrert med forskjellig brukarnamn i Cristin og Feide. Ta kontakt med den lokale superbrukaren frå institusjonen din som kan hjelpe deg med å finne ut om dette er tilfelle. Viss det viser seg å vere slik, må vi endre brukarnamn i Cristin for deg. Endring av brukarnamn kan meldes inn via vårt nettskjema.

Publisert 18. sep. 2017 09:42 - Sist endret 31. okt. 2017 08:26