Vidareutviklinga av Cristin

Cristin-systemet er satt saman av ein felles database og eit nettbasert brukargrensesnitt. At grensesnittet er nettbasert inneber at du slepp å laste ned eit program for å bruke Cristin.

Grensesnittet vert no modernisert, med ny teknologisk plattform og ny utsjånad.

Målet med moderniseringa

  • enklare registrering og gjenbruk av informasjon på nettsider og i andre system, til dømes søknadsportalar, register, rapporteringssystem, med vidare
  • enklare og raskare å søkje etter informasjon
  • ein meir moderne utsjånad
  • eit meir stabilt og raskare system

Overgangen frå gamalt til nytt

Systemet vert flytta bit for bit. Det gamle og det nye systemet vil difor eksistere side om side i ein overgangsperiode.

For deg som brukar Cristin betyr dette i første omgang at du må registrere nokre typar informasjon i det gamle grensesnittet for at det skal verte synleg i det nye.

Vi ynskjer at dykk skal få ta i bruk det nye som vert utvikla så snart som mogleg. Utviklinga vert difor delt opp i fleire leveransar, knytta til arbeidsoppgåvene du skal løyse. Den første leveransen av den delen av systemet som vert utvikla vil innehalde akkurat det du treng for å løyse arbeidsoppgåva. Vi legg so gradvis til meir og meir funksjonalitet i dei etterfølgjande leveransane. Slik vert det gjort for kvar del som vert utvikla inntil dagens system er heilt erstatta.

Informasjon som er registrert i det eksisterande grensesnittet er lagra i databasen, som det ikkje vert gjort endringar på. Informasjonen vil difor ikkje forsvinne sjølv om den kanskje ikkje er synleg i dei første versjonane av det nye grensesnittet.

Status 2018

Første leveranse i videreutviklinga inneheld nye visingssider for resultat, prosjekt og personar, samt ny søkjefunksjonalitet.

Det jobbes med å utvikle funksjonalitet for oppretting og redigering av NVI-resultater.

NVI-rapporteringa i 2018

NVI-rapporteringa i 2018 (for 2017-publikasjoner) vert gjennomført i det eksistarende grensesnittet.