Ryddelister

I rapporteringsperioden sender vi ut lister over kjente feil og manglar i dei registrerte NVI-postane, slik at dykk kan rette opp i feila.

Ryddelistene hjelper oss med å sikre at dei data som vert rapportert inn er korrekte. 

Følgjande filer vert sendt ut i perioden mellom oktober og mars:

Ryddelister som vert sendt ut

Teljande kategoriar i ikkje-teljande kanalar

  • Kva: oversikt over publikasjonar som er registrert i rapporterbare kategoriar, men der kanalen (tidsskrift, forlag, seriar) ikkje er godkjent for rapportering
  • Kvifor: viss kanalen oppfyller krava for å verte rekna som vitskapleg, bør du nominere den til kanalregisteret hos NSD - Norsk senter for forskningsdata innan 30. november. Vert kanalen godkjent, vil den gje utteljing for det gjeldande rapporteringsåret.

Ikkje-teljande kategoriar i teljande kanalar

  • Kva: oversikt over publikasjonar som er publisert i ein publiseringskanal som gjev utteljing i NVI-rapporteringa, men publikasjonen er registrert i ein kategori som ikkje vert rapportert inn
  • Kvifor: det kan vere at publikasjonen faktisk kan rapporterast og berre er feilregistrert i Cristin. Vi sender ut lista for at du kan dobbeltsjekke om publikasjonen er riktig registrert, slik at institusjonen ikkje mister utteljing. Husk at det er kategorien på originalpublikasjonen som avgjer om eit arbeid kan rapporterast.

I denne lista kan du også sjå om nokon har endra kategori på ein post, frå vitskapleg til ikkje-vitskapleg, utan å ha informert dei andre institusjonene som også eig posten.

Hvis fleire institusjonar er medeigarar/har bidrag i ei bok som dykk ynskjer å endre kategori på, er det viktig at dykk snakkar med dei andre superbrukarane.

Det kan vere vanskeleg å vurdere forskjellen på ei fagleg og ei vitskapleg teljande utgjeving. Her må ein vise skjønn. Oversikta over bøker som har fått tildeling frå Lærebokutvalget i UHR kan vere til hjelp i denne vurderinga: http://www.uhr.no/rad_og_utvalg/utvalg/lerebokutvalget/tildelinger

In press-postar

Rettleiing for korleis du finn In press-postar i Cristin finn du her: /ressurser/veiledninger/veiledninger-pdf/endre-publiseringsstatus.pdf (Denne lista vert ikkje lenger sendt ut)

  • Kva: publikasjonar som har status «Under utgivelse/In press» på posten i Cristin-systemet.
  • Kvifor: publikasjonar må ha status «Publisert/Offentliggjort» for at dei kan rapporterast inn. Du må endre status på dei av In press-publikasjonane som no er publisert, slik at dykk får utteljing for dei.

Ikkje-godkjende postar

  • Kva: liste over alle publikasjonar der du har trykka på «kontrollert – ikke-godkjent»-knappen
  • Kvifor: i tilfelle du har «bomma» på knappen for «kontrollert – godkjent» og har underkjent posten ved ein feil. Ikkje bruk "ikke-godkjent"-knappen om du ikkje meiner å underkjenne posten for rapportering.

Ikkje-kontrollerte sampublikasjonar

Rettleiing for korleis du finn sampublikasjonar i Cristin finn du her: /ressurser/veiledninger/veiledninger-pdf/soke-opp-sampubliseringer.pdf (Denne lista vert ikkje lenger sendt ut)

  • Kva: liste over alle publikasjonar der fleire Cristin-institusjonar har samarbeidt, men der ikkje alle institusjonane har kontrollert posten
  • Kvifor: fristen for kontroll av sampublikasjonar er 21. februar. Denne fristen er rådgjevande. Hensikta med fristen er at dykk skal få nok til tid å dokumentere og melde inn eventuelle tvistar før fristen 1. mars. Tvistar som oppstår etter denne fristen vert ikkje behandla og publikasjonane kan ikkje rapporterast inn.

Ikkje-teljande antologi med teljande kapittel/"del av bok"

  • Kva: liste over kapittel som er registrert i ein rapporterbar kategori, men knytt til ei bok som er registrert i ein kategori som ikkje kan rapporterast
  • Kvifor: I vitskaplege antologiar må kapittelet som skal rapporterast dekkje krava til vitskapleg innhold. I Cristin vil kategorien til antologien overstyre kategorien til kapittelet. Viss antologien er feilregistrert i ein ikkje-teljande kategori, vil kapittelet ikkje kunne rapporterast. Dykk må då endra kategori på antologien.

Antologiar som ikkje har kapittel

  • Kva: liste over antologiar der det ikke er registrert kapittel
  • Kvifor: vi ser stundom at forskarar feilaktig registrerer sine bokkapittel som antologibøker. Sidan kun kapitla kan rapporterast, vil institusjonen miste utteljing.

Monografiar og antologiar som har færre enn 50 sider

  • Kva: liste over antologiar og monografiar som har færre enn 50 sider
  • Kvifor: forfattarar feilregistrerer stundom sine bokkapittel som monografiar eller antologiar. Ein feilregistrert monografi gjer at institusjonen får større utteljing enn dei har krav på, ein feilregistrert antologi gjer at institusjonen mister utteljing.

Utgiver i staden for forlag

  • Kva: bøker/bokkapittel som er registrert i ein teljande kategori, men med ein utgjevar i staden for eit forlag.
  • Kvifor: dette kan vere feilregistreringar. I Cristin må bøker/kapittel vere registrert på eit teljande forlag for å vere poenggjevande. Viss eit forlag vert registrert som ein utgjevar, vil ikkje systemet skjøne at publikasjonen er rapporterbar. Du kan sjekke namnet på utgjevaren i kanalregisteret hos NSD - Norsk senter for forskningsdata. Viss det der er merka som teljande, bør du endre fra utgjevar til forlag på posten.

NPI-fagfelt på bøker

  • Kva: liste over bøker og kapittel som manglar påført NPI-fagfelt på posten
  • Kvifor: det er no obligatorisk å registrere fagfelt på bøker og bokkapittel. Informasjonen vert nytta av fagutvala som vurderar kanalar til nivå 2 i kanalregisteret (sjå npi.nsd.no for meir informasjon).

Dette vert rydda av Cristin-sekretariatet

Dublettar

  • Kva: liste over publikasjonar der to eller fleire har identisk tittel
  • Kvifor: eit arbeid skal kun gje utteljing éin gong. Dublettar kan gjere at institusjonane rapporterer inn meir enn dei skal. Dublettar reduserer også kvaliteten på statistikk og rapportar frå Cristin.

Dublettar i kanalregisteret

  • Kva: liste over kanalar der to eller fleire har identisk tittel eller ISSN
  • Kvifor: kanalregisteret inneheld nær 25 000 publikasjonskanalar og er omfattande å vedlikeholde. Det kan skje at eit tidsskrift vert registrert to gonger. I verste fall kan den eine oppføringa vere teljande i rapportering, men ikkje den andre. Om publikasjonar vert registrert på den ikkje-teljande versjonen, taper institusjonane si utteljing. Vi samarbeider med NSD - Norsk senter for forskningsdata, som har ansvaret for kanalregisteret, om å få rydda bort feil.

Feil informasjon på kanalar i kanalregisteret

  • Kva: endringar i kanalnamn eller ISSN, som ikkje er fanga opp automatisk, vert retta fortløpande etter innspel frå superbrukarane
  • Kvifor: kanalregisteret er stort og omfattande å vedlikehalde, og det kan vere utfordrande å oppdage alle endringar. NSD - Norsk senter for forskningsdata og Cristin-sekretariatet ryddar feil og mangler når desse vert meld inn av superbrukarar.

Tvistar

  • Kva: publikasjonar der ein av dei sampubliserande institusjonane har godkjend publikasjonen for rapportering, mens ein annan meiner den ikkje skal rapporterast
  • Kvifor: publikasjonar som har status «Tvist» kan ikkje rapporterast. Vi undersøkjer alle tvistar som oppstår i rapporteringsperioden, og kontaktar dei involverte institusjonane for å hjelpe dei med å verte samde. Vi ber om at at dykk ikkje nyttar «Kontroll – ikke-godkjent»-knappen til noko anna enn å underkjenne publikasjonar for rapportering, då «falske tvistar» skaper mykje ekstraarbeid.

 

Superbrukarane kan bli spurt om å dobbeltsjekke informasjonen i nokre av dei ryddejobbane som vert gjort av Cristin-sekretariatet.

Publisert 26. sep. 2017 14:36 - Sist endret 18. jan. 2018 12:54