Begrep

Ordliste for omgrep tilknytt vitskaplege e-bøker.

  • Adobe Digital Editions (ADE) blir brukt for å lese EPUB-format, men òg for e-bøker i PDF-format. ADE kan brukast for å lese og administrere e-bøker, anten dei er ubeskytta utan DRM, eller med Adobe DRM. Applikasjonen er gratis for både PC og Mac.
     
  • Adobe DRM er det mest brukte DRM-systemet for EPUB og PDF-formatet for e-bøker. Sjå òg DRM.
     
  • Adobe Reader er ei gratis programvare som ein kan bruke for å lese e-bøker i PDF-format. Med Adobe Reader kan ein likevel ikkje opne EPUB-formatet eller format med DRM, i motsetnad til Adobe Digital Editions.
     
  • Aggregatorar er vertar for innhald frå ulike forlag på ei eiga plattform, som er separat frå utgivarane. Som namnet seier, stiller ein aggregator saman fleire typar innhald på ein stad. Sidan aggregatoren ikkje eig innhaldet, men lisensierer innhaldet frå utgivarane, vil ofte DRM-vilkåra vere strengare. Ein kan skilje mellom spesialiserte aggregatorar, som ofte samlar emnepakkar og oppslagsverk i bestemte felt (til dømes Knovel sine ingeniørfag-pakkar eller Safari sine leiing- og teknologipakkar), og store aggregatorar, som dekkjer mange disiplinar frå ulike utgivarar (Dawsonera, EBL og Ebrary er døme på slike).1
     
  • Article Processing Charge (APC), eller artikkelavgift, er ekvivalenten til Book Processing Charges (BPC) for artiklar. Ein APC er ein publiseringsavgift som må betalast for å kunne publisere ein artikkel Open Access i eit vitskapleg tidsskrift. Les meir om APCer på Openaccess.no.
     
  • Android er eit operatørsystem som blir brukt på mange smarttelefonar og mobileiningar, og på nettbrett som Kindle Fire, Nook Color og Kobo Vox. Systemet er utvikla av Google.
     
  • Antologi er ei tekstsamling, det vil seie ei bok med fleire tekstar/kapittel som har forskjellige forfattarar. Artiklane/kapitla har ikkje eigne ISBN, men er knytt til ein antologi som har ISBN. Sjå CRIStin-systemet sin rapporteringsguide for utfyllande informasjon.
     
  • Backlight (baklys, backlit) er lyset på ein skjerm som har innebygd lys, og som ikkje treng lys på seg for at du skal kunne sjå skjermen (kallast òg ein "aktiv lysar"). Eit døme på dette er liquid crystal display, òg kjent som LCD-skjerm. Som ordet syner, har han innebygd lys, og døme på slike skjermar er TVar, datamaskinar og nettbrett.
     
  • Bluefire er ein applikasjon ein kan nytte for å lese e-bøker frå Android, frå iOS og frå Windows sine operativsystem. Applikasjonen støttar format som EPUB og PDF, òg med DRM.
     
  • Book Processing Charge (BPC) er ein publiseringsavgift ein betaler til eit forlag for å kunne publisere ei bok Open Access. Avgifta skal dekkje kostnadene til forlaget knytt til å publisere boka digitalt; som fagfellevurdering, språkvask, digital distribusjon og arkivering.
     
  • Calibre er ein applikasjon ein bruker til å konvertere filer frå epub til mobil, og for å administrere ebok-pakkar.
     
  • COUNTER (Counting Online Usage of Networked Electronic Resources) er eit internasjonalt initiativ som har utforma COUNTER-standarden for brukarstatistikk. Standarden syter for konsistent henting av statistikk for e-tidsskrift og e-bøker, og inngår mellom anna i tilgangskriteria for CRIStin sine konsortieavtalar. COUNTER-standarden blir ofte nytta i samband med evidensbaserte kjøp for e-bøker, der brukarstatistikk dannar eit viktig grunnlag (sjå Evidence Based Acquisition).
     
  • Deep reading er lesemønsteret der ein har bruk for å fordjupe seg i ein tekst, der kognitivt krevjande "lang-lesing" føreset konsentrasjon over lengre tid.2 Hum-sam-faga er typiske fagretningar som i større grad krev deep reading til analyse av lengre fagtekstar og/eller skjønnlitterær analyse. Dette feltet har gjerne andre behov med tanke på format – å lese lengre tekstar frå ein LCD-skjerm er til dømes krevjande for augo. På den andre sida finn ein fagretningar som økonomi og administrasjon, som i stor grad nyttar e-bøker som enklare oppslagsverk, og dermed kan ein fint lese e-bøker i online-formatet.
     
  • DRM (Digital Rights Management) er eit system som er brukt for å verne innhald, som til dømes e-bokfiler, frå å brukast av ikkje autoriserte brukarar, eller på ikkje autoriserte plattformer. Innhaldet blir med andre ord distribuert med eit kopivern. Ei Kindle e-bok med DRM kan til dømes berre lesast frå ei Kindle plattform, sidan DRMen til e-boka er tilpassa ho.
     
  • E-bok (ebok, eBok, e-book) er 1. ei berbar elektronisk eining, bruka for å laste ned og lese bøker og magasin i eit digitalt format. 2. ei bok i digital form.3 Ho kan òg vere samansett av element med bilde, lyd eller video.
     
  • E-blekk (e-ink, eInk) er eit elektronisk blekk som blir nytta på e-papir, frå E-Ink Corporation. Ulike variantar av e-blekk blir nytta på lesebrett som til dømes Kindle, Sony Reader, Nook og Kobo.
     
  • E-papir (e-paper, ePaper, electronic paper) er nemne for ei rekkje ulike skjermar som er designa for å likne prenta blekk på vanleg papir. Ein e-papirskjerm har ikkje eige lys (sjå òg frontlight), og treng ei ekstern lyskjelde for å kunne lesast. Sidan e-papirskjermen ikkje har eige lys belastar han augo i mindre grad.
     
  • EPUB (ePub, epub) er den mest populære typen filformat for å framstille e-bøker. Med EPUB-formatet kan ein endre skriftstorleik og skrifttype, og formatet oppfyller med andre ord krav om universell utforming betre enn PDF-formatet. Filtypen endar med .epub
     
  • Evidence Based Acquisition (EBA) er ein type avtale med forlag, kor biblioteket i ein periode stiller eit utval av bøker til rådvelde for brukarane. Etter at perioden er slutt, tek ein utgangspunkt i brukarstatistikken, og kjøper bøker til eige for eit beløp som svarar til innskotskapitalen ein har sett av til dette. Til liks med PDA-modellen krev dette ein viss startkapital, noko som kan føre til at mindre bibliotek kan ha ein høgare terskel for å nytte han.

 

  • Forlag gir blant anna ut e-bøker. Forlaget eig gjerne innhaldet sjølv, i motsetnad til ein aggregator, og tilbyr vanlegvis sine eigne e-boktitlar. Dersom ein utgir ei e-bok hos eit forlag Open Access, må ein betale ei publiseringsavgift (sjå BPC). Mange institusjonar har eigne publiseringsfond for å dekkje publiseringsavgiftene til forskarane sine, men det kan variere i kor stor grad dei òg dekkjer BPCar, og ikkje berre APC. Føremonen ved å bruke eit forlag, er at dei kan ta seg av prosessar som fagfellevurdering, språkvask, marknadsføring, distribusjon digitalt og eventuelt på prent viss ein parallellpubliserer. I tillegg til at forfattaren i dei fleste tilfelle kan velje om forlaget skal gi ut boka både elektronisk og på prent, lar mange forlag forfattaren velje om boka skal gis ut Open Access.
     
  • Frontlight (frontlys, frontlit) betyr at e-boklesaren har eit lag med usynleg laminert film eller lys på sidene framfor skjermen til e-boklesaren. Dei fleste e-boklesarar har ein funksjon som kan skru det av og på. Når skjermen sitt frontlight er slått av, vil det framleis vere mogleg å lese i direkte dagslys, ulikt ein skjerm med backlight.
     
  • iBooks er ein applikasjon frå Apple, kor ein kan kjøpe e-bøker frå iBooks Store og lese på iPad, iPhone og iPod Touch. iBooks Author er ein applikasjon som høyrer til, kor ein kan produsere ebøker. Det er òg mogleg å inkludere multimediale element som lyd og bilde i iBooks Author.
     
  • iOS er eit operativsystem som blir nytta på mobileiningar frå Apple, så som iPad, iPhone eller ePod Touch.
     
  • iPad er det mest populære nettbrettet i verda, og har applikasjonar tilknytt e-lesing for til dømes iBooks, Kindle, Nook og Kobo. I Noreg har Apples iPad 67 prosent av marknadsdelen i følgje InterBuss for 1. kvartal 2014, kor både lesebrett og nettbrett er inkludert i statistikken.
     
  • iTunes er Apple sin applikasjon for å få tilgang til e-bøker, musikk, podcast og video.
     
  • kf8 (kindle format 8) er Amazon sitt filformat for e-bøker, med høve til å utvikle meir interaktive e-bøker. kf8 erstattar mobi-formatet.
     
  • Kindle er eit merke for lesebrett frå Amazon. Det finst òg eit Kindle nettbrett, som er produsert frå 2011.
     
  • Lesebrett (e-reader, eReader) er ei elektronisk eining for å lese elektronisk tekstformat. Dei mest kjente lesebretta er basert på e-papir (frå Amazon Kindle og frå Sony Reader), og treng ei ekstern lyskjelde for at ein kan lese innhaldet. Med lesebrett kan ein, i motsetnad til nettbrett, lese innhald i sollys sidan det er ein såkalla "passiv reflektor". Les meir om dei ulike plattformane/formata på spørsmål og svar-sida.
     
  • mobi (mobipocket) er eit filformat som kan lesast på e-lesarar frå Kindle, og filtypen ender med .mobi
     
  • Monografi er ei bok med éin eller fleire forfattarar, gjerne om eit avgrensa tema, og forfattarane er oppførte i tilknyting til tittelen. Sjå CRIStin-systemet sin rapporteringsguide for utfyllande informasjon.
     
  • Nettbrett (tablet) er ei datamaskin som er ein flat berøringsskjerm. Eit nettbrett treng ikkje ei ekstern lyskjelde for at du skal kunne sjå skjermen (kallast òg ein "aktiv lysar"). iPad er det mest populære nettbrettet i verda, òg i Noreg har Apple sin iPad 67 prosent av marknadsdelen i følgje InterBuss for 1. kvartal 2014, kor både lesebrett og nettbrett er inkludert i statistikken. Les meir om dei ulike plattformane/formata på spørsmål og svar-sida.
     
  • Nook er merket for nettbrett, lesebrett og applikasjonar frå Barnes & Noble.
     
  • Patron Driven Acquisition (PDA) er ein type avtale med ein aggregator, ein slags ”bokhandlar”, som har ulike e-bøker frå mange forlag til rådvelde. Brukarane lastar ned bøkene dei har bruk for frå eit utval som det enkelte biblioteket har valt. Bibliotek og aggregator avtalar deretter kva for beløpsramme ein skal ha og kva for parameter som utløyser eit kjøp. Til liks med EBA-modellen krev dette ein viss startkapital, noko som fører til at mindre bibliotek kan ha ein høgare terskel for å bruke den.
     
  • P-bok (p-book, print book) er ei bok publisert i print-format, og nemninga brukast gjerne der bøker i digitalt og trykt format setjast i samanheng.
     
  • PDF er eit filformat for e-bøker med ein fast layout, tekstformat og tilhøyrande grafikk. Nyare versjonar av PDF-formatet tillèt tilpassing til skjermen på leseeininga i større grad, og er såkalla "reflowable", til liks med EPUB-formatet.
     
  • Sjølvpublisering har blitt meir og meir vanleg med framvoksteren av e-bøker, og som namnet seier, betyr dette at ein forfattar publiserer boka si sjølv.
     
  • Sky-teknologi (cloud technology) lar brukaren lagre e-bøker på servaren frå e-bokleverandøren, og er tilgjengeleg i ei "nettsky". Med denne teknologien får brukaren tilgang til e-boka frå fleire ulike leseeiningar, og kan synkronisere dei direkte.


     

1. Walters, W. H. (2013). E-books in academic libraries: Challenges for acquisition and collection management. portal: Libraries and the Academy, 13(2), 187-211.

2. Dahl, T. A., & Mangen, A. (2015). «Deep reading» i biblioteket: et kritisk lys på håndteringen av e-bøker i fag-og folkebibliotek.

3. Random House Kernerman Webster's College Dictionary, © 2010 K Dictionaries Ltd. Copyright 2005, 1997, 1991 by Random House, Inc.

Publisert 3. juli 2015 15:46 - Sist endret 8. jan. 2016 10:29