Råd for konsortieforhandlingar

Det er blitt etablert eit råd for konsortieforhandlingar som skal gi innspel til CRIStin på kva for mål som er viktige ved forhandlingar, og dessutan oppnemne deltakarar til dei ulike forhandlingane. Rådet skal vere samansett av leiarar frå alle tre sektorane, universitets- og høgskolesektoren, helsesektoren og instituttsektoren.

Sjølv om dei strategiske problemstillingane varierer, er sjølve avtalane felles for dei tre sektorane. Ved å bli kjent med problemstillingane dei ulike sektorane står overfor, kan dette rådet bidra til ei forståing på tvers av sektorane. Saman håper vi å leggje ein felles tverrsektoriell plan for dei årlege forhandlingane, og i størst mogleg grad sikre oppslutnad om den i dei tre sektorene. 

– I år blir det spesielt viktig for oss å ha nær dialog med institusjonane om forhandlingane. Dårleg kronekurs gjer at biblioteka står overfor store økonomiske utfordringar, og fleire av dei største avtalane skal reforhandlast i løpet av 2016, seier dagleg leiar i CRIStin, Katrine Weisteen Bjerde.

Årets forhandlingar

Av totalt 38 avtalar for tilgang til elektroniske tidsskrift og databasar skal seks avtalar reforhandlast i 2016, blant dei dei største avtalane (Science Direct, Wiley, Taylor & Francis). CRIStin samarbeider i denne prosessen både med leiarnivå og med det operative nivået i dei enkelte biblioteka. Det blir lagt vekt på ein transparent prosess med god dialog med alle deltakarar gjennom heile løpet. Plan for forhandlingsprosessen skal leggjast i samarbeid med det nyoppnemnde Forhandlingsrådet. CRIStin vil i tillegg ha løpande kontakt med biblioteka ved dei fire breddeuniversiteta Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø (BOTT-samarbeidet).

Deltakarar i råd for konsortieforhandlingar

Deltakarane i rådet skal vere leiarar. Gruppa skal bestå av representantar frå desse sektorane og institusjonane:

  • 6 frå universiteta og høgskolane
  • 2 frå helsesektoren
  • 2 frå forskningsinstitutta
  • Helsebiblioteket stiller med ein observatør

Sjå kven som er oppnemnt som medlemmar på nettsidene våre: http://www.cristin.no/konsortieavtaler/forhandlingsrad/

Publisert 22. mars 2016 10:55 - Sist endret 27. okt. 2017 13:36