Oppnemning av arbeidsgruppe for nasjonale retningsliner for open tilgang til forskningsresultat

Kunnskapsdepartementet har oppnemnt ei arbeidsgruppe som skal utarbeide nasjonale retningsliner for open tilgang til forskingsresultat. Torkel Brekke er blitt utnemnt som leiar for arbeidsgruppa. CRIStin vil fungere som sekretariat.

– Regjeringa sitt mål er at forsking som er finansiert med offentlege pengar, skal vere ope tilgjengeleg for den same offentligheita. Dette vil framme både akademisk arbeid, og bruken av akademisk arbeid i samfunnet elles, heiter det i oppnemningsbrevet frå Kunnskapsdepartementet.

Arbeidsgruppa består av forskarar frå universitets- og høgskulesektoren, instituttsektoren og helsesektoren. I tillegg til Torkel Brekke frå Universitetet i Oslo, har departementet oppnemnt Petter B. Brandtzæg frå SINTEF, Tove Klæboe Nilsen frå Universitetssykehuset i Nord-Norge, John-Arne Røttingen frå Universitetet i Oslo og Folkehelseinstituttet, Oddrun Samdal frå Universitetet i Bergen, Margunn Aanestad frå Universitetet i Oslo og Johannes Waage Løvhaug frå Norges forskningsråd.

Kunnskapsdepartementet ønskjer at sjølve arbeidsgruppa består av forskarar. For å sikre desse eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for arbeidet har CRIStin fått tildelt midlar til å invitere inn personar med kompetanse på viktige område til møta.

Arbeidsgruppa sitt forslag til retningsliner skal overleverast Kunnskapsdepartementet 15. juni.

Les òg departementet sitt nyhende om saka: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/apen-publisering-av-forskningsresultater/id2471398/

Publisert 21. jan. 2016 14:31 - Sist endret 29. okt. 2020 14:42