Resultat

Eit resultat kan ein forstå som eit "sluttprodukt" av eit forskings- eller utviklingsarbeid. Dette kan vere ein publikasjon, eit konferansebidrag, eit foredrag, eller eit kunstfagleg utviklingsarbeid.

Resultat knytta til undervisingsaktivitet vert normalt registrert i andre system og skal i utgangspunktet ikke vere registrert i Cristin.

» Søk etter resultat i Cristin-systemet

Kvifor bør eg registrere resultat i Cristin?

Oversyn og synleggjering

Cristin er meir enn ein database over vitskaplege publikasjonar. Du kan også registrere rapportar, føredrag, intervjudeltaking, lærebøker, med meir. Nokre institusjonar har ordningar for intern premiering av forskingsaktivitet som ikkje er inkludert i NVI-rapporteringa. 

Når du vert registrert som deltakar på eit resultat, vert det automatisk kopla til din profil. Resultata kan du sjølv kople til prosjekt og forskergrupper du deltek i, for å synleggjere breidda i forskningsaktiviteten. Når du lenkjer saman forskningsaktivitetane dine i Cristin auker du synlegheita til forskinga di, sidan kvar aktivitet peiker til kvarandre og til personprofilen din. 

Open tilgang til forsking

Dei nasjonale retningslinene for open tilgang (lansert 22. aug. 2017) seier at all offentleg finansiert norsk forsking skal vere ope tilgjengeleg innan 2024. Retningslinene krev blant anna at forskingsresultata skal vere lagra i eit vitenarkiv. Forskningsrådet har også lenge krevd at resultat av forsking som dei finansierar skal vere ope tilgjengeleg for alle som er interesserte.

Nettstedet openaccess.no inneheld eit oversyn over tidsskrift som legg til rette for open publisering.

Opplasting av fulltekst til lokale arkiv

Nokre medlemsinstitusjonar har fått oppretta ei kopling mellom Cristin og deira lokale arkiv. Når du lastar opp eit  fulltekstdokument av ein artikkel i Cristin vert den sendt vidare til det lokale arkivet. Når sperrefristen (embargo) er gått ut, vert det sendt ei lenkje til artikkelen frå arkivet til Cristin.

Arkivering av fulltekst via Cristin gjer det ikkje berre enklare å oppfylle krava i retningslinene. Det vert enklare for dei som søkjer opp forskinga di i Cristin å finne fullteksten til artikkelen. Motsett vil dei som søkjer i det lokale arkivet kunne finne personprofilen din i Cristin. Slik vert forskninga din meir synleg og tilgjengeleg.

Les meir på openaccess.no

Nasjonale retningsliner for open tilgang

Forskingsrådet sitt prinsipp for open tilgang til vitskapleg publisering

Institusjonsoversyn

Når alle tilsette registrerar resultata sine i Cristin, får institusjonen eit oversyn over forskingsaktiviteten ved institusjonen. Informasjon i Cristin kan vere eit grunnlag for forskingsstrategiske avgjerder og profilering på eigne nettsider.

Gjenbruk av informasjon

Oppdatert profil på institusjonsnettsidene

Informasjonen du registrerar i Cristin kan verte henta ut via våre API. API er ei teneste for automatisert utveksling av informasjon. APIa gjer det mogleg å hente oppdatert informasjon om arbeidet ditt og syne det fram i din tilsetteprofil på nettsidene til institusjonene du er tilsett ved.

Enklere rapporteringer

NVI-rapporteringa av vitskaplege publikasjonar

Cristin er departementa sitt verktøy for å få oversyn over institusjonane sitt omfang av vitskaplege publikasjonar kvart år. NVI-rapporteringa påverkar finansieringa til dei institusjonane som er med i ordninga for resultatbasert omfordeling (RBO).

Prosjektrapportering til Forskingsrådet

Prosjekt som mottek finansiering frå Forskingsrådet må melde ifrå om resultata av prosjektet. Rapporteringssystemet hentar informasjon om resultata frå Cristin, viss Forskingsrådet sitt sekssifra prosjektnummer er registrert på publikasjonen. Du slepp då å fylle inn denne informasjonen manuelt.

Meir om koplinga til Forskningsrådet (veiledning)

Formidlingsrapporten til Kunnskapsdepartementet (KD)

Cristin leverar kvart år ein rapport til Kunnskapsdepartementet på formidlingsaktiviteten til institusjonane. Denne rapporten kan danne grunnlaget for forskingspolitiske avgjerder.