Prosjekt

Omgrepet "prosjekt" kjenneteiknar ein innsats som skal oppnå eit definert mål, som oftast innanfor ei planlagt tids- og ressursramme. Prosjekt kan ha ulik kompleksitet, storleik, varigheit, og budsjett. Det gjer det vanskeleg å eintydig definere kva eit prosjekt er.

» Søk etter prosjekt i Cristin-systemet

Kva kan eg registrere?

Prosjekt som vert registrert i Cristin bør vere av eit visst omfang, og med ein klar start- og sluttdato. Ut over dette er det opp til kvar medlemsintitusjon å avgjere korleis dei ynskjer å bruke tenesten.

Vi oppmodar institusjonane å ha ein einskapleg policy for institusjonen på kva dei tilsette skal registrere. Ver merksam på at prosjekta som vert registrert i systemet er tilgjengeleg for uthenting via Cristin sitt prosjekt-API (ein teneste for automatisert utveksling av informasjon) og kan hamne på nettsidene til institusjonen.

Kvifor bruke prosjektkatalogen?

Oversyn og synleggjering

Prosjektkatalogen er utforma slik at du kan registrere ulike typar prosjekt som du deltek på. Den er ikkje begrensa til ein bestemd finansiør eller fagområde. Ikkje berre vil dette gje deg eit totaloversyn over alle dine prosjekt éin stad, det gjer også at forskinga di vert synleg utanfor ditt eige fagmiljø.

I tillegg til å registrere informasjon om sjølve prosjektet, kan du synleggjere aktivitetane ved å lenkje til publikasjonar, intervju, formidling, med meir. Om prosjektet er del av eit større prosjekt, kan du lenkje prosjekta saman for å syne heilskapen i forskinga.

Helseforskingsprosjekt i Cristin

Har du søkt om godkjenning av ein prosjektplan hjå Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK) vil prosjektet ditt automatisk verte sendt til Cristin når det er godkjent. I Cristin kan du leggje til meir informasjon om prosjektet, som pasientretta beskriving, publikasjonar og formidling, og lenkje saman relaterte prosjekt.

Institusjonen du er tilsett ved kan hente informasjon om prosjektet via prosjekt-APIet og presentere den på eigne nettsider.

Helseforskingslova sitt krav om oversyn

Hensikta med koplinga til REK er å gjere det enklare for institusjonane å oppfylle kravet i helseforskingslova om å ha oversyn over sine helseforskingsprosjekt. 

Tilleggsinformasjon på helseforskingsprosjekt

Les meir om koplinga til REK

Gjenbruk av informasjon

Informasjon i prosjektkatalogen er ope tilgjengeleg via Cristins prosjekt-API. Det gjer at kven som helst kan hente ut offentleg informasjon om prosjekt. Informasjonen kan dei mellom anna bruke til

  • Synliggjering av institusjonen sine prosjekt på eigne nettsider
  • Synliggjere utvalgde prosjekt på profilsider for forskingsgrupper eller forskarar, oversyn over helseforskingsprosjekt, m.m.
  • Automatisk oppdatering av andre forskingsadministrasjonssystem og register

APIa reduserar behovet for å manuelt registrere og oppdatere informasjon fleire stader.

Les meir om Cristins API-tenester