Kva for adresse skal eg bruke når institusjonen min skal fusjonere?

Publikasjonar blir inntil vidare registrert på den gamle institusjonen, så lenge dei nye, fusjonerte institusjonane med undereiningar ikkje er oppretta.

Cristin vil informere om status for dette på våre nettsider. Det er ikkje fare for at ein registrerer med feil tilknyting, sidan dei gamle institusjonane ikkje kan leggjast til lenger når fusjonen er registrert i Cristin.

Alle publikasjonar som registrerast på gamle institusjonar vil automatisk flyttast til ny institusjon i Cristin i samarbeid med superbrukarane på institusjonane som fusjonerer.

Publisert 29. sep. 2017 09:13 - Sist endret 27. okt. 2017 13:36