Eg finn ikkje institusjonen i Cristin-systemet

Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje finn institusjonen i Cristin-systemet. Det første du bør gjere er å søke på deler av institusjonsnamnet. Trunkér gjerne med stjerne  (*) for å få treff på alternative stavemåtar.

Dersom dette ikkje gir treff, vil det vere naudsynleg å søke opp institusjonen på nett, for å forsikre deg om at du har skrive/stava det rett. Det er ikkje alltid informasjonen frå publikasjonen stemmer overeins med det faktiske namnet på institusjonen.

Ver merksam på at for utanlandske institusjonar registrerer ein berre på øvste nivå, dvs. sjølve institusjonen. Eit døme kan vere Harvard School of Dental Medicine, som er ei undereining til Harvard University – og skal registrerast på sistnemnde institusjonsnamn (øvste nivå). 

Viss du likevel ikkje finn institusjonen i Cristin, er det sannsynleg at han ikkje ligg inne i institusjonsregisteret. Minstekravet er at ein då registrerer rett land som forfattaradresse.

Viss institusjonen din samarbeider mykje med institusjonen som manglar, kan du be om å få lagt han inn i institusjonsregistreret.

    Fyll ut og send inn nettskjema for å melde inn ny institusjon.

    Publisert 29. sep. 2017 09:34 - Sist endret 29. sep. 2017 09:34