Manglande informasjon

Cristin har autoritetsregistre og informasjonslister som er basert på unike kodeverk. Dette inneber at kvart "objekt" kun skal vere registrert ein gong.

Disse listene har eigne "eigarar" som er ansvarleg for å sikre at dei inneheld naudsynt informasjon. Under finn du informasjon om korleis du kan melde ifrå til eigarane når det manglar informasjon i registre eller informasjonslister.

Personar

1) Institusjonar med automatisk overføring av personinformasjon: kontakt personalavdelinga på din institusjon og be dei registrere personen i dykkar personalsystem. Informasjonen vert så overført til Cristin elektronisk.

2) Institusjonar som registrerar nye personar manuelt: sjå veiledning for å registrere personar

Institusjon

1) Institusjonsregisteret over utanlandske og andre norske institusjonar: fyll ut nettskjema for ny institusjon

2) Medlemsinstitusjon i Cristin-systemet: les om opptak av nye medlemsinstitusjonar

Ein institusjon treng ikkje vere medlem i Cristin-systemet for å bli registrert som bidragsytar på publikasjonar og prosjekt.

Publikasjonskanalar: tidsskrift, forlag, seriar

Kanalar på nivå 1

Forslag til nye publiseringakanalar på nivå 1 må du melde til NSD - Norsk senter for forskingsdata sitt kanalregister innan 30. november.

Ekstern lenke Meld inn ny kanal til kanalregisteret (dbh.nsd.uio.no) 

Vi oppmodar alle til å melde inn nye kanalar til nivå 1 gjennom heile året. For at ein kanal skal kunne gje uttelling for det gjeldande rapporteringsåret, må den vere meld inn innan fristen. Kanalar meld inn etter 30. november vil ikkje kunne gje uttelling før for neste rapporteringsår, hvis dei vert godkjent.

Kanalar på nivå 2

Eit fagutval som vert utpeika av Publiseringsutvalet i UHR nominerer kanalar til nivå 2. Du kan påverke prosessen med å nominere kanalar til nivå 2.

Ekstern lenke Meir informasjon om nominering til nivå 2 (npi.nsd.no)

Degradering av ein nivå 2 kanal har ei forseinking på to år før den trer i kraft. Dette er gjort for å at forskarar som har blitt antatt for publisering i ein nivå 2 kanal, men ennå ikkje fått publisert, ikkje skal miste poenguttelling.

Publisert 17. jan. 2018 08:33 - Sist endret 25. jan. 2018 14:52