Feilretting

Cristin har autoritetsregistre og informasjonslister som er basert på unike kodeverk. Dette inneber at kvart "objekt" kun skal vere registrert ein gong.

Disse listene har eigne "eigarar" som er ansvarleg for å sikre korrekt informasjon. Under finn du informasjon om korleis du kan melde ifrå til eigarane når du oppdagar ein feil.

Person

Eksempel på feil: namn, fødselsnummer, tilknyting til institusjon (feil sluttdato)

1) Institusjonar med automatisk import av personinformasjon: ta kontakt med personalavdelinga ved din institusjon. Dei må rette feila i personalsystemet og feilrettinga vert så elektronisk overført til Cristin.

2) Institusjonar som registrerer personar manuelt, sjå: 

Nettskjema for endring av personinformasjon

Veiledningar for administrasjon av person

3) Om du ikkje finn ut av det:

Lokale superbrukarar, ta kontakt med din institusjonelle superbrukar

Institusjonell superbrukar: ta kontakt med support@cristin.no

Institusjon

Eksempel på feil: namn, plassering i stedstruktur

1) Feil hjå medlemsinstitusjon:

Forskarar og lokale superbrukarar, ta kontakt med din institusjonelle superbrukar

Institusjonell superbrukar: ta kontakt med support@cristin.no

2) Feil på utanlandsk eller anna norsk institusjon:

Ta kontakt med support@cristin.no

Kanalregisteret: tidsskrift, forlag, seriar

Eksempel på feil: namn, ISSN/ISBN/e-ISSN, nivå, url, nedlagt år

Ekstern lenke Meld ifrå om feil på ein kanal (dbh.nsd.uib.no)

Kanalregisteret vert forvalta av NSD - Norsk senter for forsingsdata. På presentasjonssida til kvar kanal er der eit kommentarfelt der du kan melde ifrå om feil. Meld også ifrå om tidsskriftet ikkje bør vere tellande i rapporteringa, fordi det er eit røvartidsskrift eller det ikkje følgjer god vitskapeleg skikk.

Innrapporterte NVI-publikasjonar

Berre Cristin-sekretariatet kan redigere informasjon som har påverknad på poengutrekninga for posten.

Lokal superbrukar, ta kontakt med din institusjonelle superbrukar

Institusjonell superbrukar, ta kontakt med support@cristin.no

Publisert 17. jan. 2018 08:33 - Sist endret 25. jan. 2018 14:51