Informasjon om innmelding til vurdering av tidsskrift: Norske opne tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap

Denne nettsida inneheld informasjon om prosessen for å få eit tidsskrift vurdert for perioden 2018—20.  Her vil de òg finne innmeldingsskjema og skjema for rekning av kostnadar.

4. september 2017: Fristen er gått ut. 41 tidsskrift er melde inn til vurdering.

Ordninga med innmelding av vurdering av tidsskrift vil bli forhandla og administrert av CERES Seksjon for forskingstenester (tidlegare Cristin) i samarbeid med Forskningsrådet og Universitets- og høgskolerådet.


CERES heldt eit informasjons- og dialogmøte 14. juni 2017, og innspel frå møtet er tatt omsyn til i denne informasjonen og arbeidet med innmeldingsskjema. Dette første informasjonsmøtet var primært for dei som mottar støtte i 2017, men alle norske nivåindekserte tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap kan meldast inn til vurdering.


Støtta frå 2018 og ein treårsperiode er open for alle som fyller kriteria som er beskrivne i Retningslinjer for nasjonalt tidsskriftskonsortium for humaniora og samfunnsvitenskap. Her finst òg informasjon om korleis ordninga vil bli praktisert.


Nettskjemaet Skjema for innmelding av vurdering av tidsskrift  er klart for utfylling.


Skjema for kostnadsspesifikasjon, som skal leggjast ved innmeldingsskjemaet, er òg klart for utfylling.

Søknadsprosessen som startar no med frist 1. september 2017 vil gjelde tildeling for treårsperioden 2018-2020. Det er ikkje planlagt ordinær utlysingsprosess i 2018 eller 2019.

 

Sentrale retningsliner

Ordninga er forankra i Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge, som m.a. skriv dette:


«Åpen tilgang til nasjonale tidsskrifter av høy kvalitet vil bidra til at en betydelig del av norskspråklig forskning blir umiddelbart tilgjengelig for relevante brukergrupper både innenfor og utenfor akademia, for eksempel i skoleverket, arkiver, biblioteker, museer, i helsevesenet, i kommunal og statlig forvalting og i næringslivet».
[...]
«Publisering på norsk i humanistiske og samfunnsvitenskapelige tidsskrifter er […] viktig bl.a. for kompetanseheving, livslang læring, opplyst offentlig samtale og av språkpolitiske grunner.»


Det er derfor viktig å få kartlagt delen vitskaplege artiklar på norsk i det enkelte tidsskriftet. Sjå elles korleis retningslinene for tidsskriftkonsortiet definerer «norsk forfatterkrets» og «norsk fagoffentlighet».


Med «vitskapleg artikkel» er det her meint vitskapleg, fagfellevurdert arbeid som oppfyller krava til utteljing i form av publiseringspoeng i Norsk publiseringsindikator (NPI).


Det er eit krav at tidsskriftet skal publisere med open tilgang og vere indeksert i Directory of Open Access Journals (DOAJ). Tidsskrift som ikkje er indeksert her kan òg bli vurdert om det ligg føre ein søknad om å bli indeksert, eller plan om å sende inn søknad. Det ein skal søke om, er indeksering i DOAJ, ikkje medlemskap i DOAJ. Tidsskriftet har ansvar for at innhaldet i publikasjonen fritt kan lesast, søkast i og distribuerast til ikkje-kommersiell bruk, i samsvar med retningslinene for tidsskriftkonsortiet.

 

Publiseringskomitéen


Ein fagleg publiseringskomité vil vere sentral i arbeidet med å velje ut tidsskrifta som skal inngå i ordninga frå 2018. Utveljinga vil bli tatt på grunnlag av innsende søknadar frå utgivarar/tidsskrifteigarar. Publiseringskomiteen tar avgjerder på fagleg grunnlag, retningslinene for tidsskriftkonsortiet, samt eit eige mandat for publiseringskomiteen.

Arbeidet med å vurdere tidsskrifta som skal prioriterast for innkjøp gjennom konsortiet startar etter fristen for innmelding av tidsskrift har gått ut, 1. september. Talet på tidsskrift som vil kunne inngå i ordninga er avhengig av bevillingane til konsortiet og korleis tidsskrifta blir prisa. Når publiseringskomiteen si prioriteringsliste er ferdig, vil tidsskrifteigarane og utgivarane bli kontakta.

 

Tidsplan

1. juli: CERES har ferdigstilt skjema for innmelding og skjema for kostnadsspesifikasjonar

1. september: Frist for tidsskrifteigarar og utgivarar til å melde inn vurdering av tidsskrift via nettskjema. Fristen er 1. september t.o.m. kl. 2359 og er absolutt.

Primo oktober: Møte i publiseringskomiteen

Primo november: Tilbakemelding til tidsskrifteigarar og utgivarar

 

For meir informasjon, kontakt konsortieteamet@cristin.no

 

Publisert 21. juni 2017 15:56 - Sist endret 27. okt. 2017 13:36