Åpen tilgang (Open access)

«Prinsipielt mener regjeringen at all forskning som er helt eller delvis offentlig finansiert, skal være åpent tilgjengelig.» 

(Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter)

openaccess.no

CERES forvaltar nettstaden openaccess.no, som er ein kunnskapsallmenning dedikert til informasjon og opplysning om Open Access i Noreg. Der kan du få svar på ofte stilte spørsmål, publiseringsfond og finansiering, eigenarkivering av forskingspublikasjonar, og mykje meir.

Kva gjer CERES på Open Access-feltet?

CERES har fokus på desse hovudområda i arbeidet sitt med Open Access:

  • Infrastruktur
  • Strategi
  • Informasjon

 

Eksempel på prosjekt og arbeid CERES er involvert i framover er:

  • Integrering av NORA-tenesta i Cristin si nye søketeneste.

  • Nettverksbygging og informasjon

Kva er Open Access?

Open Access inneber at vitskaplege publikasjonar gjerast fritt tilgjengeleg på web. Forfattar eller opphavsmann beheld opphavsretten til publikasjonen, men gir brukarane løyve til å lese, laste ned, kopiere, distribuere, skrive ut, søke i eller lenke til fullteksten utan å forlange vederlag.

Kvifor Open Access?

  • Fordi informasjon og kunnskap bør vere fritt tilgjengeleg
  • Fordi forsking delast solidarisk med dei som ikkje har råd til å kjøpe tilgang til den
  • Fordi forskinga er betalt med skattepengar
  • Fordi Open Access bidrar til auka spreiing av forsking - òg til nye brukargrupper
  • Fordi forfattaren ikkje seier frå seg alle rettane til publikasjonen til eit forlag.