print logo

Føremål

CRIStin skal innhente og stille saman informasjon om norsk forsking og gjere informasjonen opent tilgjengeleg for alle.

CRIStin skal samle og dokumentere kvalitetssikra data om vitskapleg publisering i ein eigen database (NVI) etter nærare funksjonskrav og rapporteringsspesifikasjonar fastsett av Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

CRIStin skal bidra til å auke andelen opent tilgjengelege vitskaplege artiklar i Noreg.

CRIStin skal bidra til god dialog og samarbeid med relevante fagorgan og utval.

NVI skal levere rapportar som bereknar publikasjonspoeng ut frå dei gjeldande fordelingsmodellane i dei tre sektorane.

CRIStin skal ha det nasjonale ansvaret for anskaffingar og import av indekserte data om vitskapleg publisering og andre forskingsdata.

CRIStin skal ha det nasjonale ansvaret for å forhandle lisens- og konsortieavtalar på vegner av forskingsinstitusjonane.

CRIStin skal bidra til god dialog og samarbeid med Nasjonalbiblioteket.

CRIStin skal sikre brukarstøtte til forskingsinstitusjonane.

CRIStin skal levere kostnadseffektive informasjonstenester av høg kvalitet, samt skaffe, utvikle, og drive fellessystem etter behov. Det skal etablerast samarbeids- og integrasjonsløysingar mellom institusjonar og sektorar for å gjere informasjon om norsk forsking opent tilgjengeleg.

CRIStin skal basere verksemda på bruk av siste tilgjengelege, kvalitetssikra data frå eksisterande system. Krava til særskilt rapportering frå institusjonane bør vere avgrensa. Publikasjonsdatabasen og andre informasjonstenester skal så langt det er mogleg vere fritt tilgjengeleg for søk over datanett for alle.

CRIStin kan også yte andre tenester og produkt til ein eller fleire institusjonar. Desse vert finansiert særskilt av dei institusjonar som etterspør produkta og tenestane. Inntekter frå denne type tenester går til drift og utvikling av CRIStin.

Publisert 25. jan. 2011 13:48 - Sist endret 26. jan. 2015 14:44