I evalueringa av publiseringsindikatoren som vart gjort frå Universitetet i Århus i 2014, var noko av kritikken mot indikatoren at han vart brukt lokalt som resultatmål for den einskilde forskaren. Publiseringsindikatoren vart aldri utvikla til slik bruk.
– Sjølv om indikatoren er eit rimeleg godt mål på aggregert nivå, er det eit usikkert mål på individnivå. Dette inneber at indikatoren bør brukast med varsemd og i samspel med annan informasjon jo lenger ut i institusjonen ein kjem. Ein indikator er berre ein indikasjon på noko, skriv UHR og NPU i si tilråding.
Evalueringa sin kritikk av den lokale bruken av publiseringsindikatoren var éi av årsakene til at det vart utarbeida ein ny utrekningsmetode.