Betre kunnskapsgrunnlag for beslutningar med HelseOmsorg21-monitor

I slutten av november vart HelseOmsorg21-monitor (HO21-monitor) lansert. Formålet med HO21-monitor er å samle statistikk om forskings- og innovasjonsaktivitetar innanfor helse og omsorg på ein stad. 

HelseOmsorg21 er ein nasjonal forskings- og innovasjonsstrategi for helse og omsorg. I 2015 vart det lansert ein handlingsplan for oppfølging av denne strategien. Eit viktig tiltak i handlingsplanen var å etablere ein monitor for å samle statistikk om forskings- og innovasjonsaktivitetar innanfor helse og omsorg på ein stad.

HO21-monitor koplar data frå fleire aktørar, blant anna publikasjonsdata frå Cristin, og skal bidra til eit godt kunnskapsgrunnlag for avgjerder på alle nivå.

Monitoren vil bli oppdatert fortløpande etterkvart som nye statistikkjelder blir tilgjengelege og eksisterande kjelder oppdaterast.  

Les meir om lanseringa på nettsida til HelseOmsorg21.

Publisert 5. des. 2016 14:53 - Sist endret 20. jan. 2017 18:11