Ny versjon av "Håndbok for bruk og utveksling av metadata i norske forskningsarkiv" er no ferdig

Fyrste utgåve av handboka blei publisert i 2011, og i 2014 blei det beslutta å foreta ein revisjon av handboka.

Ei ny arbeidsgruppe blei nedsett for å arbeide med revisjonen:

  • Elin Stangeland, Universitetet i Oslo (leiar for arbeidsgruppa)
  • Hege Johannesen, BIBSYS
  • Tarje Sælen Lavik, Universitetet i Bergen
  • Emma Margret Skåden, UiT - Norges arktiske universitet
  • Tore Vatnan, (CRIStin/FSAT)

Forslaget til gruppa blei sendt ut på høyring hausten 2014. Då fristen for å gi innspel til høyringa gjekk ut 22. oktober, var det kome inn 11 svar. Gruppa har no fullført arbeidet med revisjonen av handboka.

CRIStin takkar arbeidsgruppa for god innsats, og rår til at alle som jobbar med institusjonsarkiv les rapporten og sett seg inn i oppdateringane i handboka.

CRIStin kjem tilbake til implementering av handboka så snart som mogleg. Dette er eit praktisk arbeid som blir gjennomført i løpet av 2015.

Handboka og rapporten frå arbeidsgruppa kan du lese på nettsidene til CRIStin: http://www.cristin.no/open-access/metadata.html

Publisert 12. feb. 2015 13:44 - Sist endret 12. feb. 2015 13:44