print logo

Om CRIStin

CRIStin arbeider med fleire oppgåver relatert til forskingsdokumentasjon og tilgang til forskingsinformasjon. Dette ansvaret er gitt frå Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, og dekkjer universitets- og høg­skule­sektoren, institutt­sektoren og helseføretaka.

I våre vedtekter står det 

  • CRIStin skal gje forskinga auka samfunnsmessig verdi ved å leggje til rette for at forsking i fleire sektorar vert sett i samanheng.
  • CRIStin skal innhente og stille saman informasjon for forskingsinstitusjonane ut frå prinsippet om open tilgang for alle.
  • CRIStin skal også dokumentere, presentere og gjere opent tilgjengeleg kvalitetssikra data om vitskapleg publisering i ein felles nasjonal database som grunnlag for finansieringssystema i universitets- og høgskulesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka.

Dette løyser vi ved å vere:

  • ein tenesteleverandør av forskingsinformasjon og forskingsstøtte til forskingsmiljø, forskingsinstitusjonar og styresmakter
  • koordinator på nasjonalt nivå, til dømes innan Open Access og forhandling av avtalar rundt innkjøp av elektroniske forskingsressursar
  • iverksetjar av pålegg frå styresmaktene, førebels berre knytt til institusjonen sin rapportering på eiga forsking.

Eit viktig prinsipp for alt arbeidet vårt er å sikte mot å forenkle og leggje til rette for den enkelte forskar og for forskingsinstitusjonane.

Les meir om CRIStin og oppgåvene våre i vedtektene.

Fakta om CRIStin

CRIStin er etablert som en enhet etter §1-4, punkt 4 i Universitets- og høyskoleloven. Dette innebærer at det faglige og strategiske ansvaret ligger hos departementene som leder organisasjonen via et eget styre. CRIStin mottar administrative tjenester fra Universitetet i Oslo (UiO) som er vertsinstitusjon. UiO leverer blant annet IT-utviklings- og -driftstjenester.