Medlem i Cristin

Cristin har pr 1.1.2017 138 medlemsinstitusjonar. Institusjonane er fordelt på tre sektorar: Universitet og høgskular (UH), helseforetak og forskingsinstitutt.

Kva er ein medlemsinstitusjon?

Medlemsinstitusjonar har tilgang til å logge inn og registrere tilsette og arbeid i Cristin. Ein institusjon treng ikkje vere medlem for å verte kreditert på publikasjonar og prosjekt, som deltakar eller finansiør.

Avgrensa inntak av nye medlemsinstitusjonar

Dagens system vart utvikla for institusjonar som skal rapportere omfang av vitskaplege publikasjonar til departementa (NVI-rapporteringa).

Sidan systemet i dag ikkje skil mellom dei som rapporterar til NVI og dei som ikkje gjer det, må alle institusjonar delta i kvalitetssikringa av publikasjonane. Dette gjev unødvendig meirarbeid for alle involverte. Dette gjer at vi diverre må avgrense inntaket av nye medlemsinstitusjonar til ny funksjonalitet for NVI-rapporteringa er utvikla.

Venteliste

Ynskjer du at din institusjon skal verte medlem av Cristin, fyll ut skjemaet i lenka under for å setje dykk på venteliste. Vi tek kontakt når vi kan ta inn nye medlemsinstitusjonar.

» Venteliste for å bli medlemsinstitusjon (nettskjema)

Institusjonar som deltek i eller finansierar forsking

Institusjonar som ikkje er medlem, men skal krediterast på resultat og prosjekt som deltakar eller finansiør, må vere registrert i vårt register over norske og utanlandske institusjonar.

» Meld inn en institusjon til Cristins institusjonsregister (nettskjema)

Du kan IKKJE bli personleg medlem i Cristin

Du må ha ei tilknyting til ein av våre medlemsinstitusjonar for å kunne logge deg inn, registrere forskingsaktivitet og redigere personprofilen din.

Kva skjer viss du byter jobb?

Viss din nye arbeidsstad også er ein medlemsinstitusjon, må profilen din knytast til denne institusjonen for at du skal kunne logge inn. Kontakt superbrukar på ny arbeidsstad for hjelp.

Liste over institusjonelle superbrukarar i Cristin

Viss din nye arbeidsstad ikkje er ein medlemsinstitusjon, har du ikkje lenger tilgang til Cristin og til å redigere profilen din.