Rutinar for førespurnadar om pris

Vi har laga ei beskriving av rutinar for korleis ein går fram når ein skal spørje om pris på avtalar.

Hugs at siste frist for å sende oss førespurnadar om pris er 15. oktober.

Alle førespurnadar om pris skal gå via CRIStin, altså frå CRIStin til utgivar. Ta kontakt med oss på konsortieteamet@cristin.no.

Viss institusjonen din sorterer under ein annen sektor enn frå UH-sektoren, ver venleg og meld frå om størrelsen på institusjonen:

  • Forskingsinstitutt: tal på FoU-tilsette, totalt tal på tilsette
  • Sjukehus: tal på forskarar, tal på legar, tal på senger
  • Offentlege organ: totalt tal på tilsette, tal på vitskapleg tilsette

Viss institusjonen din sorterer under UH-sektoren, treng du ikkje å melde frå om dette, da vi allereie har denne informasjonen frå alle UH-institusjonar (henta frå DBH).

Når du har sendt inn førespurnaden til konsortieteamet@cristin.no, har vi følgjande rutine:

1. Synleggjering på den interne sida

Er institusjonen din allereie registrert som konsortiedeltakar og deltek i andre CRIStin-avtalar, har de ei intern side kor du finn eit oversyn over kva for avtalar de er med på. Førespurnaden om pris vil kome fram i dette oversynet.

Så snart prisen er klar, vil denne òg bli synleg i avtaleoversynet.

Viss institusjonen din ikkje allereie er ein registrert konsortiedeltakar, vil du få prisane sendt på e-post.

2. Innmelding

Ei eventuell innmelding blir gjort frå same nettskjema som brukast for fornying av avtalen. Lenkje til dette finn du til høgre i avtaleoversynet, same rad som prisførespurnaden. Skjemaet vil bli aktivert når avtalen er klar for fornying for heile konsortiet.

Viss det viser seg at det ikkje er aktuelt med innmelding frå dykk, er det fint om du likevel går inn på nettskjemaet for å hake av på "oppseiing". Da vil det kome fram ein merknad i oversynet som seier "ikkje aktuell".

Viss institusjonen din er heilt ny og ønskjer å melde seg inn i ein avtale, rår vi til at du les rutine for innmelding i CRIStin-konsortia (del av konsortieskolen). Ta kontakt med oss for meir informasjon.

 

Ver òg merksam på at:

  1. prisførespurnadar ofte kan vere ein tidkrevjande prosess. For nokre avtalar har vi prisstrukturen og priser frå leverandøren slik at du kan få informasjon med ein gong, mens for andre avtalar må vi kontakte leverandøren, og dette tek alltid tid
  2. det kan òg vere at det hos ein leverandør ikkje ligg føre ferdige prisstrukturar for alle sektorar, så dersom institusjonen din representerer ein sektor som ikkje enno finst i avtalen må leverandøren forme ein passande prisstruktur frå botnen av
Publisert 16. juli 2015 13:48 - Sist endret 5. jan. 2016 13:51