Kva er ein konsortieavtale?

Ein konsortieavtale inneber at CRIStin på vegner av ei gruppe deltakarinstitusjonar frå offentleg sektor forhandlar fram lisensavtalar med ulike leverandørar. Avtalane dreier seg om tilgjenge til elektroniske ressursar som til dømes e-tidsskrift, referansedatabasar, ordbøker og leksikon.

Arbeidet med konsortieavtalane baserer seg på gjensidige forpliktingar mellom CRIStin og deltakarinstitusjonane. Deltakarinstitusjonane er ansvarlege for at tilsette og studentar oppfyller vilkåra som er knytt til bruken av dei aktuelle tenestene. CRIStin skal arbeide for at deltakarinstitusjonane får lågare pris og betre vilkår enn dei elles ville oppnådd utanfor konsortiet. CRIStin følgjer internasjonale retningsliner når det gjeld konsortieavtalar og lisensarbeid.

Konsortiegruppa i CRIStin arbeider med såkalla opne konsortium. Det vil seie at ein institusjon kan delta i ein eller fleire av avtalane vi har framforhandla.

 

 

 

Publisert 31. mars 2013 12:15 - Sist endret 6. jan. 2015 10:02