FAQ

Her finn du ofte stilte spørsmål med svar.

Meir innhald kjem.

Kva er ein konsortieavtale?

Kva er dei ulike tilgangskriteria?

Kven kan delta i CRIStin sine avtalar?

Kor kan eg vende meg om eg treng teknisk support?

 

Kva er ein konsortieavtale?

Ein konsortieavtale inneber at CRIStin på vegner av ei gruppe deltakarinstitusjonar frå offentleg sektor forhandlar fram lisensavtalar med ulike leverandørar. Avtalane dreier seg om tilgjenge til elektroniske ressursar som til dømes e-tidsskrift, referansedatabasar, ordbøker og leksikon.

Arbeidet med konsortieavtalane baserer seg på gjensidige forpliktingar mellom CRIStin og deltakarinstitusjonane. Deltakarinstitusjonane er ansvarlege for at tilsette og studentar oppfyller vilkåra som er knytt til bruken av dei aktuelle tenestene. CRIStin skal arbeide for at deltakarinstitusjonane får lågare pris og betre vilkår enn dei elles ville oppnådd utanfor konsortiet. CRIStin følgjer internasjonale retningsliner når det gjeld konsortieavtalar og lisensarbeid.

Konsortiegruppa i CRIStin arbeider med såkalla opne konsortium. Det vil seie at ein institusjon kan delta i ein eller fleire av avtalane vi har framforhandla.

Kva er dei ulike tilgangskriteria?

Det er ulike tilgangskriterium på dei forskjellige avtalane. Her finn du forklaringar på omgrepa:

  • Alle autoriserte brukarar skal ha tilgang Autoriserte brukarar er personar med ei verifisert tilknyting til deltakarinstitusjonen. Det skal bli gitt tilgang etter kontroll av IP-nummer eller domenenamn for heile institusjonen, uavhengig av om den er lokalisert på ein eller fleire geografiske stader. Dersom avtalen set grenser for tal på samtidige brukarar, bør det vere mogleg å utvide talet i samband med kurs for brukarar.
  • Bruk på staden (Walk-in use) Besøkande som har løyve til å bruke institusjonen sine allment tilgjengelege datamaskiner, skal ha tilgang til ressursen.
  • Fjerntilgang (Remote use) Autoriserte brukarar skal ha rett til tilgang til ressursen også frå heimekontor og andre stader. Autoriserte brukarar som oppheld seg foreløpig på andre institusjonar skal ha rett til tilgang.
  • Arkivpolitikk (Perpetual use) Leverandøren bør ha ein arkiveringspolitikk som skal omtalast i kontrakten. Leverandøren bør garantere tilgang til ressursen sitt innhald for den perioden det er betalt for, også etter at avtalen er avslutta viss ikkje anna er klart avtalt, eller ressursen sin karakter er slik at kriteriet ikkje kan kome til bruk (databaseressurs, leksikonressurs etc). Det bør gjerast reie for korleis tilgang skal finne stad, ev. kostnader og kva som er omfatta av tilgangen. All tilgang bør fungere utan anna programvare enn standard nettlesar, og leseprogram for standardformat som pdf.
  • Tekniske kriterier Det bør vere mogleg å integrere med institusjonen sitt eige biblioteksystem, til dømes i form av levering av tittellister på spesifisert format for import til biblioteksystemet, og oppfølging med periodevise oppdateringar av innhaldet. Leverandøren bør om nødvendig oppgi kva for (leverandørar av) lenketenarar ein har samarbeid med og på kva for måte, og angi om ressursen er kompatibel med/følgjer standarden OpenURL.
  • Brukarstøtte Nødvendig brukarstøtte skal bli varetatt av leverandøren som ein sørvis overfor dei enkelte deltakarinstitusjonane. Leverandøren skal ha nettbaserte brukarrettleiingar.
  • All informasjon bør kunne nåast via vevgrensesnitt Det bør ikkje vere nødvendig å installere anna programvare enn standard nettlesar og leseprogram for standardformat.
  • Garantert oppetid Leverandøren må garantere (tilnærma) kontinuerleg tilgang til ressursen i heile kontraktsperioden.
  • Elektroniske utgåver (e-only) Elektroniske utgåver bør ikkje vere tilgjengelege seinare enn dei trykte utgåvene.

Bruk av tenestene

  • Fjernlån (ILL) Fjernlån skal vere tillate. Som eit minimum skal kopiar av artiklar kunne skrivast ut på papir og videresendast per post eller faks. Det bør også vere tillate med elektronisk overføring via sikker programvare, til dømes Ariel, til andre offentlege bibliotek, inkludert utanlandske bibliotek.
  • Kopiering Det bør vere tillate for autoriserte brukarar å kopiere elektronisk enkeltartiklar frå ressursen til eige bruk. Innhaldet i ressursen bør kunne brukast i kurspakker og anna materiale til studieformål for autoriserte brukarar.
  • Transfer-titlar Leverandøren bør følgje retningslinene i The Transfer Code of Practice i samband med titlar som skiftar utgjevar.
  • Statistikk over bruk Leverandøren skal levere statistikk til kvar institusjon sitt bruk direkte til den enkelte deltakarinstitusjonen, helst levert via eit vevgrensesnitt. Leverandøren skal levere samla statistikk over bruk til CRIStin. Brukstatistikken skal vere berekna per databaseeining og per tidseining (til dømes månad). Statistikk for e-tidsskrift og e-bøker bør vere på tittelnivå og statistikken bør leverast i samsvar med COUNTER-standarden.

Øvrige tilhøve

  • Avtalens varighet Avtaleperioden skal vere spesifisert i kontrakten og skal normalt følgje kalenderåret. Avtalen skal også innehalde ein ”drop-out-klausul” som spesifiserer om institusjonen kan trekkje seg frå avtalen ved inngåing av fleirårige avtalar.
  • Fakturering Fakturering kan skje direkte frå leverandøren, gjennom CRIStin eller gjennom agent.
  • I samsvar med norsk lov Avtalen med leverandøren bør ikke avgrense dei rettar ein har gjennom norsk lovgjeving. CRIStin skal sørgje for juridisk gjennomgang av avtalen for å sikre at den er i samsvar med norsk lov. Det er eit mål at tvistar bør avgjerast av norsk rett.

 

Kven kan delta i CRIStin sine avtalar?

I utgangspunktet arbeider vi mot forskings- og undervisningsinstitusjonar, slik som universitet og høgskolar, instituttsektoren (forskingseiningar utanom UH-sektoren og næringslivet) og helseforetak. I tillegg kan institusjonar som høyrer til statsforvaltinga og fylkes- og folkebibliotek delta i konsortia.

 

Kor kan eg vende meg om eg treng teknisk support?

Har ein behov for teknisk support, tar ein dette direkte med leverandøren. Vi har ei eiga samleside med kontaktpunkt for teknisk support til alle leverandørar

 

 

Publisert 16. juli 2015 10:21 - Sist endret 30. juli 2015 10:18