UKSG 11. -13. april

CRIStins konsortieteam deltar på UKSG i Bournemouth frå 11. til 13. april 2016. Meld frå viss de har innspel til saker de ønskjer at vi skal ta opp med leverandørar.

På UKSG har konsortieteamet avtalt møte med dei fleste leverandørane vi administrerer avtalar med. Særleg prioriteter vi møte der avtalane blir reforhandla frå 2017. Det gjeld Elsevier (Science Direct), Wiley, Taylor & Francis, Cambridge University Press, Institute of Physics og ProQuest CSA.

Viss de har innspel til saker de ønskjer at vi skal ta opp med desse leverandørane i samband med reforhandlingane, meld frå til oss i konsortieteamet seinast torsdag 7. april.

Publisert 17. feb. 2016 13:36 - Sist endret 29. mars 2016 14:31