Hausten er her –

– og det betyr mellom anna informasjon om prisar for neste år, reforhandling av somme avtalar og eit par viktige fristar.

Vi er no i gang med å be leverandørane om prisar for 2017. Desse blir lagde ut på dei interne sidene så snart dei er klare.

Også i år er det planlagde og moglege fusjonar på trappene, og vi informerer leverandørane om desse. For avtalar som blir reforhandla for perioden 2017- vil vi ha FTE-basert pris for fusjonerte institusjonar som eit krav i forhandlingane.

Avtalane som blir reforhandla for ny avtaleperiode, er Taylor & Francis, Wiley, Cambridge University Press, Institute of Physics, Oxford Journals, American Chemical Society, ProQuest – CSA og Springer. Vi vil informere om desse prosessane på dei interne avtalesidene.


Vi minner elles om dei to viktige fristane for hausten:

  • Frist for «Drop out» frå fleirårige avtalar er 1. oktober og meldast direkte til leverandøren på e-post, med cc til konsortieteamet[at]cristin.no.
  • Frist for prisførespurnad til konsortieteamet[at]cristin.no er 15. oktober.

 

Publisert 5. sep. 2016 14:39 - Sist endret 12. sep. 2016 09:21