Vi startar forhandlingane for 2016

Møte på UKSG med leverandørane for avtaler som skal reforhandlast

Dei siste vekene har konsortieteamet arbeidd med å førebu forhandlingar for dei avtalane som skal reforhandlast frå 2016 -- Springer, Thomson, Emerald, Sage, Scopus, ACM, AMS, ACS og Muse. Vi har fått statistikkar for dei siste åra frå desse for å ha eit godt forhandlingsgrunnlag, og håper derfor å vere godt rusta til gunstige avtalar.

Frå 30. mars til 1. april vil vi vere på UKSG i Glasgow, der vi skal ha møte med leverandørane og bli samde om framdrift for årets forhandlingar.

Vi ønsker alle ei riktig god påske!

Konsortieteamet

Publisert 27. mars 2015 13:26 - Sist endret 27. mars 2015 13:26