print logo

Tvistar

Eventuell usemje mellom institusjonar om korleis ein sampublikasjon skal rapporterast, bør avklarast mellom institusjonane så tidleg som mogleg. Dialogen mellom institusjonane skjer via institusjonelle superbrukarar. Viss det ikkje blir semje mellom dei, kan saken meldast inn til tvisteutvalet. For at tvisteutvalet skal kunne vurdere saka, må dei ha tilstrekkeleg dokumentasjon!

Innmelding av tvistesak

For å melde inn ein publikasjon til tvisteutvalet, må ein sende over eit formelt saksframlegg som består av:

  • Postnummer
  • Framlegg av kva usemja er
  • Kopi frå relevant underlagsmateriale (til dømes artikkel, relevante kolofonsider, relevante kapittel, relevant omtale frå nettsidene til utgivaren)

Ver vennleg og sørg for at andre involverte institusjonar får kopi av meldinga til tvisteutvalet.

VIKTIG: Sjå til at fråsegna frå din institusjon som takast med i saksframlegget er godt forankra hos fagleg leiing ved institusjonen.

Tvistesakar som skal opp til handsaming i Tvisteutvalet må vere meldt inn frå dei rapporterande institusjonane ved institusjonell superbruker.

Dette gjerast ved å sende e-post til nvi-tvistesak@cristin.no. Hugs å sende kopi til dei andre institusjonane sine superbrukarar.

Les dei komplette retningslinene for tvisteutvalet for NVI-rapportering.

Tvisteutvalet

I samband med opprettinga av CRIStin fekk CRIStin i oppdrag å etablere og organisere eit tvisteorgan for dei tre sektorane.

Tvisteutvalet for NVI-rapporteringa er oppnemnt for å avgjere saker der partane (dvs. institusjonane) ikkje blir samde om korleis ein publikasjon skal registrerast og rapporterast i CRIStin.

Alle deltakande institusjonar på ein publikasjon må godkjenne deltakinga si før posten kan inkluderast i institusjonane sine rapportar. Dette inneber at før sampublikasjonar kan rapporterast, må det vere semje mellom institusjonane når det gjeld:

  1. kategorisering av publikasjonar (teljande NVI-kategori versus ikkje teljande kategori)
  2. tolking og registrering av institusjonane sine adresser angitt som forfattaradresser på publikasjonen og tolking av forfattaren si tilknyting til institusjonen
  3. rapporteringsår

Viss det ikkje blir semje, kan institusjonelle superbrukarar melde saka til tvisteutvalet. Tvisteutvalets avgjerder kan ikkje klagast på. Det er derfor viktig at partane det gjeld sørgjer for å levere god dokumentasjon som belyser alle sidene i tvisten.

Tvisteutvalet er samansett av ein representant og en vararepresentant frå kvar av dei tre sektorane (frå universitet og høgskule, helse og instituttsektoren) som til saman best mogleg dekker relevante fagområde. Sjå òg medlemmar i tvisteutvalet for 2015-2017.

Viktige frister

20. oktober 2016
Oppstartseminar

30. november 2016
Innmelding av kanal til NSD

21. februar 2017
Kontroll av sampublikasjoner (PDF)

1. mars 2017
Innmelding av tvistesaker

31. mars 2017 kl 12:00 2016
Rapportering av 2016-publikasjoner

Tvistesaker sendes til: