print logo

Forskingsinformasjonssystemet CRIStin

CRIStin (Current research information system in Norway) er eit forskingsinformasjonssystem for helsesektoren, instituttsektoren og universitet- og høgskulesektoren. Eit av dei viktigaste føremåla med systemet er å samle all registrering og rapportering av forskingsaktivitetar for institusjonar innanfor dei tre sektorane i eit felles system. Dette gir forskarane ein stad å registrere og forenklar registrering av sampublikasjonar.

CRIStin som organisasjon samarbeider nært med Felles studieadministrativt tjenestesenter (FSAT), og  CRIStin-systemet er utvikla av systemutviklarar her: fsat.no

Systemet inneheld følgjande hovuddelar:

Forskingsresultat/NVI

Tenesta for forskingsresultat inneheld dokumenterbare resultat frå forskingsaktivitetar. Ein heilt sentral del i resultattenesta er publiseringsdatabasen NVI (Norsk vitskapsindeks).

Forskingsresultatmodulen inneheld også andre forskingsresultat enn vitskapleg publisering i rapportar, populærvitskaplege artiklar, bøker, føredrag, mediebidrag mm.

Alle resultat er kopla til relevante informasjonskjelder: personregister, institusjonsregister, fagregister mm., for å unngå duplisering av data og for å danne grunnlaget for ny statistikk. Det er lagd til rette for at alle publikasjonsregistreringar i CRIStin-systemet kan innehalde ei kopling til sjølve publikasjonen dersom han er fritt tilgjengeleg på nettet, anten i eit ope publiseringsarkiv eller via ei anna kjelde.

Forskarprofilane

Forskarprofilane inneheld eit oversyn over forskarar som er tilknytte CRIStin-institusjonar.

Forskarprofilane inneheld opplysningar om ein forskar, som kontaktinformasjon, kva ein forskar på, CV, prisar og forskingsopphald. Profilen er eit sentralt punkt i CRIStin-systemet som gjer det mogleg å navigere mot forskaren sine registreringar i andre modular i systemet. Frå profilen kan ein sjå kva ein forskar har publisert og kva prosjekt og forskingseiningar dei er knytt til.

Prosjekt

Prosjektmodulen inneheld informasjon om prosjekt som ein eller fleire CRIStin-institusjonar er med i.

Prosjektmodulen gir eit oversyn over kva tema det blir forska på i forskings-Noreg. Den inneheld oversyn over forskarar knytt til prosjektet, tema, ansvarleg eining, kven som har finansiert prosjektet og forskingsarbeid prosjektet har medverka til.

 

Forskingseiningar

Forskingseiningsmodulen er eit oversyn over forskingsgrupper, organisasjonseiningar og forskingssenter.

Forskingsmodulen er mynta på intern og ekstern synleggjering av einingar. Oversynet gjer det mogleg å vise kva tema einingane har fokus på, samarbeidspartnarar og tilhøyrsle.

 

Informasjonen i desse modulane er open og søkbar for alle. Pålogging er kun krevd for registrering eller administrering av data.

Per i dag er det over 160 institusjonar som er medlemmar i CRIStin-systemet.