print logo

Ofte stilte spørsmål

Generelt

Korleis blir eg ein Cristin-brukar?

For å bli ein Cristin-brukar må institusjonen din vere i Cristin. Viss institusjonen din er i Cristin, kan den lokale superbrukaren hjelpe deg med å gi deg tilgang. Ta kontakt med den lokale Cristin-kontakt/superbrukar frå institusjonen din for hjelp.

 

Kven er den lokale kontaktpersonen/superbrukaren min?

Alle institusjonar har sin lokale Cristin-superbrukar som kan hjelpe deg med spørsmål om Cristin. Superbrukaren din finn du i denne lista: http://www.cristin.no/cristin/cristin-institusjoner/

 

Publikasjonskategoriar i Cristin

Her finn du eit oversyn over publikasjonskategoriane som er brukte i Cristin: http://www.cristin.no/cristin/faq/brukerveiledninger/kategorioversikt.html.

 

Bruk av personnummer i Cristin-systemet

Bakgrunnen for at Cristin og tidlegare òg Frida-systemet bruker fødselsnummer er at det per i dag er den einaste unike identifiseringsnøkkelen for personar i Noreg. Slik bruk av fødselsnummer er heimla i §12 Personopplysinglova. Sidan systemet brukast til rapportering og fordeling av ressursar, er det viktig at den einskilde forskaren kan finnast att i samband med revisjon knytt til fordelinga av ressursar. Kunnskapsdepartementet har bestemt at nøkkelen framleis skal vere fødselsnummer.

 

Institusjonen min skal fusjonere

Ved fusjonar av institusjonar, må desse slåast saman i Cristin-systemet òg. Superbrukaren frå institusjonen din er kontaktperson for fusjonen i Cristin. Vedkomande vil ha oversyn over korleis denne prosessen vil gå føre seg, og når fusjonen vil tre i kraft i Cristin-systemet.

Kva for adresse skal eg bruke når institusjonen min skal fusjonere?

Publikasjonar blir inntil vidare registrert på den gamle institusjonen, så lenge dei nye, fusjonerte institusjonane med undereiningar ikkje er oppretta. Cristin vil informere om status for dette på våre nettsider. Det er ikkje fare for at ein registrerer med feil tilknyting, sidan dei gamle institusjonane ikkje kan leggjast til lenger når fusjonen er registrert i Cristin.

Alle publikasjonar som registrerast på gamle institusjonar vil automatisk flyttast til ny institusjon i Cristin i samarbeid med superbrukarane på institusjonane som fusjonerer.

 

Pålogging

Eg får ikkje logga inn

For å logge inn i Cristin må du vere oppretta som brukar, og institusjonen din må vere ein Cristin-institusjon. Det er institusjonen din som melder inn ein brukar og angir kven som skal ha tilgang til å registrere i Cristin. Ta kontakt med superbrukaren frå institusjonen din viss du har grunn til å tru at du ikkje er registrert.

Det finst to innloggingsmetodar i Cristin: Cristin-pålogging og Feide-pålogging.

For problem med Cristin-pålogging:
Ved problem med Cristin-pålogging kan superbrukar frå institusjonen din hjelpe deg. Om vedkomande ikkje klarer å finne ut av problemet, kan superbrukaren ta kontakt med Cristin-sekretariatet for assistanse.

For problem med Feide-pålogging:
Viss du ikkje får logga deg på via Feide, kan årsaka vere at brukaren din ikkje er registrert i Feide. Ta kontakt med IT-support for å bli lagt inn.

At du har tilgang til å logge på i Feide, betyr ikkje automatisk at du har tilgang til å logge på i Cristin. For at du skal kunne gjere det, må Cristin ligge i lista med tenester som du skal ha tilgang til via Feide.

For å sjekke om du skal ha tilgang til Cristin, loggar du deg inn på sida di i Feide (http://innsyn.feide.no/). Under fana som heiter "Tjenester" ligg ei liste over alt du har tilgang til. Viss Cristin ikkje er lista her, må du ta kontakt med IT-support ved institusjonen din, slik at dei kan legge deg til. Viss Cristin ligg i lista, og lokal IT ikkje kan finne årsaka til at du ikkje får logga inn, kan superbrukaren frå institusjonen din ta kontakt med Cristin-sekretariatet for assistanse.

 

Eg har gløymt passord/brukarnamn

Den lokale superbrukaren frå institusjonen din har høve til å søke opp brukarnamnet ditt i Cristin, og superbrukaren kan òg gi deg nytt passord.

For å setje nytt passord, kan du gå til prosjektkatalogen: https://www.cristin.no/app/common/login.jsf. Etter at du har valt institusjonen din i nedtrekksmenyen, får du opp ei "Gløymt passord?"-lenkje. Viss du er registrert med e-postadresse i systemet, vil du få ny påloggingsinformasjon på e-post ved å klikke på denne lenka. 

Ved Feide-pålogging er det den lokale IT-supporten din som må hjelpe deg med brukarnamn og passord.

 

Må eg logge meg på både dagens Cristin og ny Prosjektkatalog?

I ein overgangsfase må du logge deg på både Prosjektkatalogen og dagens Cristin (forskingsresultat m.m.) Brukarnamn og passord vil vere det same båe stader. Vi jobbar med å gjere overgangsfasen så kort som mogleg.

Bakgrunnen for dette er at prosjektkatalogen er fornya og er som første teneste flytta over til ein ny versjon av Cristin. Dei ulike tenestene vil gradvis bli flytta over til den nye versjonen til dagens Cristin er avvikla. Du kan lese meir om videreutviklinga av Cristin på Prosjektsider for vidareutvikling: http://www.cristin.no/cristin/videreutvikling/

 

Eg får ikkje logga meg på den nye prosjektkatalogen

Viss du får logga deg på det gamle systemet, men ikkje i den nye prosjektkatalogen, kan du prøve å setje eit nytt passord ved å klikke på "Endre passord"-lenkja som du får øvst til høgre i "Min forskerprofil" i det gamle systemet under menypunktet "Forskere". Passordet må ha minst seks teikn.

Viss du framleis ikkje kjem inn, ta kontakt med den lokale superbrukaren frå institusjonen din. Hugs å sende med feilmeldinga du får frå påloggingssida.

For problem med Feide-pålogging i prosjektkatalogen: Viss du har Feide-pålogging, og får logga deg på 'gamle' Cristin (forskingsresultat m.m.), men ikkje prosjektkatalogen, kan problemet vere at du er registrert med forskjellig brukarnamn i Cristin og Feide. Ta kontakt med den lokale superbrukaren frå institusjonen din som kan hjelpe deg med å finne ut om dette er tilfelle. Viss det viser seg å vere slik, må vi endre brukarnamn i Cristin for deg. Endring av brukarnamn kan meldes inn via nettskjema: http://www.cristin.no/cristin/superbrukeropplaering/personendring.html 

 

Redigering av opplysningar om meg

E-postadressa mi stemmer ikkje

Årsaka til dette kan vere at du er oppført som brukar ved to forskjellige institusjonar. Ta kontakt med superbrukaren frå institusjonen din slik at dei kan følgje dette opp med Cristin.
 

Eg står med tilknyting til ein institusjon eg ikkje jobbar ved

Ta kontakt med lokal superbrukar ved institusjonen du feilaktig har tilknyting til og be dei setje ein sluttdato på tilsetjinga di. For institusjonar som har automatisk overføring av stad- og persondata til Cristin, må sluttdato setjast i løns- og personalsystemet. For alle andre institusjonar setjast sluttdato i Cristin.

 

Eg har endra namn

Det er tre stader namnet må endrast i Cristin:

  • Administrasjon > Person/bruker/ansettelser  superbrukar har høve til å endre namn. Det er dette namnet som står på profilsida di.
  • Forskningsresultater/NVI > Mitt forfatternavn  dette har du og den lokale superbrukaren din tilgang til å endre. "Mitt forfatternavn" styrer kva for namn som kjem opp ved registrering av ein publikasjon.
  • Tabellen «Bruker» i databasen tilknytta pålogging  Dette namnet vil du sjå over venstremenyen når du er pålogga Cristin. Dette namnet må endrast av utviklar hos Cristin. Superbrukar frå institusjonen din tar kontakt med Cristin.

 

 

 

Registrering i Cristin

Kva for adresse skal eg bruke når institusjonen min skal fusjonere?

Publikasjonar blir inntil vidare registrert på den gamle institusjonen, så lenge dei nye, fusjonerte institusjonane med undereiningar ikkje er oppretta. Cristin vil informere om status for dette på våre nettsider. Det er ikkje fare for at ein registrerer med feil tilknyting, sidan dei gamle institusjonane ikkje kan leggjast til lenger når fusjonen er registrert i Cristin.

Alle publikasjonar som registrerast på gamle institusjonar vil automatisk flyttast til ny institusjon i Cristin i samarbeid med superbrukarane på institusjonane som fusjonerer.

 

Korleis registrerer eg publikasjonen min i Cristin?

For enkle steg-for-steg rettleiingar i korleis du registrerer publikasjonar i Cristin;

 

Må eg registrere artikkelen min sjølv, eller blir han importert?

Cristin importerer publikasjonsdata frå Scopus (Elsevier), frå Norart (Nasjonalbiblioteket) og frå Bibsys. Omfanget av importen utgjer ca. 50 % av den totale mengda rapporterbare publikasjonar per år. I tal er dette ca. 10 000 publikasjonar. Artiklar som publiserast i kanalar som leverandørane våre ikkje indekserer, må registrerast av forskaren sjølv eller av administrativt tilsette ved institusjonen.

Vi kan dessverre ikkje garantere at alle publikasjonar som har blitt indeksert av leverandørane våre blir levert, og importert, tidsnok til rapportering. Institusjonane er sjølv ansvarlege for å sikre at alle rapporterbare publikasjonar blir registrert.

 

Kva for kategori skal eg velje?

Oversyn over alle kategoriar og ei kort forklaring på kva du kan registrere i dei ulike kategoriane finn du på nettsida vår: http://www.cristin.no/cristin/faq/brukerveiledninger/kategorioversikt.html

 

Kva for tidsskrift/forlag gir publikasjonspoeng?

For å finne publiseringskanalar (tidsskrift/forlag) som gir publikasjonspoeng, kan du søke i DBH (Database for statistikk om høgre utdanning): https://dbh.nsd.uib.no/publiseringskanaler/

Det er lurt å finne ut om publiseringskanalen er godkjend og gir publikasjonspoeng, før du avgjer kva for kanal du ønskjer at publikasjonen din skal utgis i.

 

Tidsskriftet manglar nivå

Årsaka til at tidsskriftet manglar nivå kan vere at tidsskriftet ikkje er meldt inn til NSD. Løysinga er då å melde inn tidsskriftet til NSD slik at publiseringsutvalet hos UHR kan vurdere om tidsskriftet tilfredsstiller krava til vitskapleg publisering. Du kan melde inn nye publiseringskanalar til NSD: https://dbh.nsd.uib.no/publiseringskanaler/BrukerLoggpa.

Kva for tidsskrift som er på nivå, og kva for nivå dei er på, finn du i eit oversyn på NSD sine nettsider: https://dbh.nsd.uib.no/publiseringskanaler/

 

Tidsskriftet har nivå hos NSD, men ikkje i Cristin

Årsaka til at eit tidsskrift har nivå hos NSD, men ikkje i Cristin kan ha fleire årsaker:

  1. Tidsskriftet er nytt og ikkje behandla. NSD set eit tidsskrift på nivå 1 som "default", men dette betyr ikkje at det dermed er godkjent på nivå 1. Viss tidsskriftet står med administrativ kode Ny(/behandla), betyr det at tidsskriftet ikkje er blitt vurdert, eller er under behandling, av publiseringsutvalet til Universitets- og høgskolerådet (UHR).
  2. Tidsskriftet er akkurat blitt behandla av publiseringsutvalet, men enno ikkje overført til Cristin. Det kan ofte ta ei stund før ein kanal godkjennast av NSD til det blir overført til CRIStin. Når status på tidsskriftet oppdaterast i Cristin, vil alle vitskaplege publikasjonar knytt til dette tidsskriftet oppdaterast automatisk. Dei vil då kome opp i grensesnittet for kontroll og godkjenning av vitskapleg publisering til NVI-rapportering.
     

Eg har registrert ei bok i godkjent kanal (forlag), men ho manglar nivå i Cristin

Årsaka til dette er vanlegvis at forlaget har blitt registrert som utgivar i Cristin og ikkje som forlag. Søk opp posten på nytt og trykk på rediger-knappen. Viss forlaget står oppført som utgivar: Trykk på "Angi forlag i stedet". Søk opp forlagets namn, og lagre posten.

Årsaka kan òg vere at kanalen er ny og ikkje godkjent eller ikkje overført til Cristin enno. Sjå punktet "Tidsskrift som har nivå hos NSD, men ikkje i Cristin".

 

Eg skal rapportere til Forskingsrådet og må registrere prosjektkode på publikasjonen

Viss du skal rapportere til Forskingsrådet, og vil hente opp publikasjonane dine registrert i Cristin i systemet til Forskingsrådet, må du registrere prosjektkode på publikasjonen. Per i dag er det ikkje noka kopling mellom Cristin sin prosjektkatalog og systemet til Forskingsrådet.

Brukarrettleiing for å registrere prosjektkode på ein publikasjon finn du her: http://www.cristin.no/cristin/faq/brukerveiledninger/prosjektkode.html

 

Eg får melding om at ISBN er feil

Det hender at ISBN ikkje 'validerer'. Ein måte å kome rundt dette på er å skrive 10 0'er (ev. 13) i ISBN-feltet. OBS! I merknadsfeltet skriv du ned det ISBN-et som er trykt i boka og ei forklaring på at ISBN ikkje validerer.      

 

Eg har registrert ein vitskapleg artikkel i ein antologi, men boka er ikkje vitskapleg

Årsaka til at boka ikkje er vitskapleg, kan vere at boka er vurdert og registrert som Fagbok eller Lærebok. Bøker som er registrerte som fagbok/lærebok er ikkje teljande i høve til publiseringssystemet. Viss du meiner boka er klassifisert feil kan du ta kontakt med Cristin-superbrukar frå institusjonen din.
 

Eg finn ikkje institusjonen i Cristin-systemet

Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje finn institusjonen i Cristin-systemet. Det første du bør gjere er å søke på deler av institusjonsnamnet. Trunkér gjerne med stjerne  (*) for å få treff på alternative stavemåtar.

Dersom dette ikkje gir treff, vil det vere naudsynleg å søke opp institusjonen på nett, for å forsikre deg om at du har skrive/stava det rett. Det er ikkje alltid informasjonen frå publikasjonen stemmer overeins med det faktiske namnet på institusjonen.

Ver merksam på at for utanlandske institusjonar registrerer ein berre på øvste nivå, dvs. sjølve institusjonen. Eit døme kan vere Harvard School of Dental Medicine, som er ei undereining til Harvard University – og skal registrerast på sistnemnde institusjonsnamn (øvste nivå). 

Viss du likevel ikkje finn institusjonen i Cristin, er det sannsynleg at han ikkje ligg inne i institusjonsregisteret. Minstekravet er at ein då registrerer rett land som forfattaradresse.

Viss institusjonen din samarbeider mykje med institusjonen som manglar, kan du be om å få lagt han inn i institusjonsregistreret.

    For å melde inn ein ny institusjon, fyll ut og send inn skjemaet: http://www.cristin.no/cristin/superbrukeropplaering/ny-institusjon.html

     

    Registrere land som forfattaradresse

    Om ein ikkje finn ein utanlandsk institusjon i Cristin, kan ein registrere landet i staden. Korleis dette kan gjerast, er beskrive i Handlingsbeskrivelsen Registrere/endre forfatteradresse på ein post.

     

    Eg har skrive ein artikkel som er publisert på ei nettside utan ISSN

    Viss du har publisert ein artikkel på ei nettside som ikkje har ISSN, kan du registrere nettsida som eit populærvitskapleg tidsskrift. I denne kategorien er ikkje ISSN obligatorisk.

    I skjemaet for registrering av artikkelen (vel kategori Tidsskriftspublikasjon > Populærvitenskapelig artikkel), søkjer du på tidsskriftittel/nettsidetittel/bloggtittel. Viss du ikkje får treff, får du her høve til å registrere eit nytt tidsskrift.  

     

    Adressering på publikasjon ved fusjon

    På nettsidene våre har vi laga eit oversyn over dei institusjonane vi har fått melding om at skal fusjonere. Her finn du òg tidspunktet for kva tid fusjonen vil skje i Cristin-systemet, og kva for institusjon som skal krediterast ved registrering av ein publikasjon i Cristin-systemet.

     

     

    Publisert 25. aug. 2015 13:04 - Sist endret 1. mars 2017 14:12