Wiley og Nederland inngår Open Access-avtale

The Association of Universities in the Netherlands (VSNU) og John Wiley and Sons, Inc. har inngått ein avtale om ubegrensa open access-publisering i alle Wileys hybridtidsskrift.

Vi har tidlegare skrive her på cristin.no om Nederland som eit foregangsland når det kjem til prinsippet om open tilgang, og den nederlandske universitetsorganisasjonen VSNU sin avtale med Elsevier i fjor.

No har VSNU inngått ein treårig avtale med Wiley om open tilgang til alle abonnementsbaserte tidsskrift frå Wiley for studentar og forskarar ved nederlandske universitet. I tillegg skal alle forskarar frå nederlandske universitet kunne publisere uavgrensa og utan kostnader i hybridtidsskrifta frå Wiley, skriv VSNU i ei pressemelding.

Et stort skritt i riktig retning

– Nederland lever opp til ryktet om å vere eit foregangsland no som enda eit stort forlag har gått for 100% open tilgang. Dette er eit stor skritt i riktig retning, seier Koen Becking som har forhandla på vegner av dei nederlandske universiteta.

Publisert 4. feb. 2016 09:35 - Sist endret 20. jan. 2017 11:14