Felles innspel om open tilgang og open data frå unge akademi i Europa

Dei unge akademia i Europa har sendt eit felles innspel om open tilgang og open data til Europakommisjonen. Innspelet vart presentert på konferansen om open vitskap arrangert i Nederland 4. og 5. april.

Akademiet for yngre forskere

Akademiet for yngre forskarar

– Målet var blant anna å skrive ned nokre felles prinsipp og anbefalingar rundt Open Access og Open Data frå eit ungt forskarperspektiv, heiter det i ei nyhendesak i universitetsavisa.no.

Open tilgang medfører ein del endringar som dei unge akademia i Europa er opptekne av at må takast omsyn til. Ved å sende inn eit felles innspel, vil dei stå sterkare. Innspelet vart presentert av medlem frå det nederlandske og det globale akademiet i samband med konferansen i Nederland 4. og 5. april om ei felles europeisk tilnærming til open vitskap. (Les nyhendesak om konferansen på cristin.no)

Les innspelet frå dei unge akademia i Europa på nettsida til Akademiet for yngre forskarar:
http://akademietforyngreforskere.no/internasjonalt-innspill-om-open-access-og-open-data/

Publisert 22. apr. 2016 08:40 - Sist endret 23. jan. 2017 13:06