Utviding av styringsgruppa for CRIStin 2-utviklinga

For å styre utviklinga av CRIStin 2 i riktig retning, er god dialog med brukarmiljøa viktig. Utvidinga av styringsgruppa er eit tiltak CRIStin har sett i gang for å styrke kontakten med brukarane av CRIStin-systemet.

– Utvidinga av styringsgruppa blir gjort for å styrke forankringa av CRIStin-systemet i brukarinstitusjonane, seier dagleg leiar i CRIStin, Katrine Weisteen Bjerde. 

CRIStin sitt styre har vedtatt at styringsgruppa si samansetjing frå no av skal bestå av tre deltakarar frå UH-sektoren, to frå helsesektoren, ein frå instituttsektoren og ein frå Forskningsrådet i tillegg til direktøren ved FSAT. Dagleg leiar i CRIStin leiar gruppa.

Instituttsektoren ved Forskningsinstituttenes fellesarena har oppnemnt Ernst Kristiansen (SINTEF) som sin representant. Forskningsrådet har oppnemnt Kari-Anne Kristensen. 

Universitets- og høgskolerådet (UHR) og De regionale helseforetakene (RHF) si strategigruppe for forsking står for oppnemning av medlemmar frå UH- og helsesektoren. 

Les meir informasjon om styringsgruppa på våre nettsider.

Publisert 17. feb. 2016 09:58 - Sist endret 8. aug. 2016 11:08