Mogleg fusjon av CRIStin og FSAT

CRIStin har fått mange spørsmål om vi skal fusjonere med FSAT. Svaret er at ein eventuell fusjon ikkje er vedtatt enno. Vi er i dialog med FSAT om ein mogleg fusjon.

Rapporten "Kunnskapssektoren sett utenfra" er nok kjelda til alle spørsmåla vi får. Vi har sendt inn eit høyringssvar til denne rapporten. I svaret har det vore viktig for oss å fokusere på tenestene våre som rettar seg mot forsking (ikkje undervisning). I tillegg understreker vi at tenestene våre tilbydast både instituttsektoren og helseforetaka i tillegg til universitets- og høgskolesektoren.

I rapporten stipulerast fleire moglege kandidatar til samorganisering med CRIStin. Vi ser klare gevinstar i eit tettare samarbeid med BIBSYS som er ein av kandidatane i rapporten. I første omgang foreslår vi likevel ei samorganisering med FSAT. Vi er i dag samlokalisert med FSAT og vi kjøper utviklartenestene våre derfrå. Ei samorganisering med FSAT vil gi meir fleksibilitet i vidareutviklinga av CRIStin-systemet. I den vidare dialogen med FSAT, er vi opptekne av å sikre at forskinga gis ein tydeleg plass i ein eventuell samla organisasjon, og at helseforetaka sikrast same påverknad på tenestene våre som dei har i dag.

Les meir:

Publisert 13. juni 2016 08:48 - Sist endret 23. jan. 2017 13:01