Om endring og bruk av publiseringspoeng

Frå og med rapporteringa av 2015-publikasjoner, er metoden for utrekning av publiseringspoeng endra.

– Det nasjonale publiseringsutvalet erfarer at endringa har skapt usikkerheit om konsekvensane og aktualisert nokre andre viktige spørsmål knytt til avgrensing av vitskapleg publisering og lokal bruk av indikatoren.

Det nasjonale publiseringsutvalet har derfor utforma eit notat som svarer på ein del spørsmål som har dukka opp i samband med endringa av metoden for utrekning av publiseringspoeng. Vidare seier publiseringsutvalet seg viljuge til å halde regionale møte om spørsmåla.   

På UHR sine nettsider kan du òg lese meir om bakgrunn og konsekvens av den nye metoden for rekning av publiseringspoeng: Fagnøytralitet – ny beregningsmåte for publiseringspoeng

Publisert 18. mars 2016 08:46 - Sist endret 23. jan. 2017 13:34